Charwell-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Charwell er ei elv nordaust på SørøyaNew Zealand. Ho har utspringet sitt i Seaward Kaikoura Ranges, og ho munnar ut i Conway-elva, den tradisjonelle grensa mellom Marlborough og Canterbury. I elvedalen har det vore drive sauehald.

På 1910-talet føreslo jarnvegsverket på New Zealand å byggja ei jarnvegslinje gjennom ei rekkje elvedalar, mellom desse den til Charwell-elva, for å binda Parnassus og Kaikoura saman som ein del av Main North Line. Arbeidet med denne linja starta ved at det vart lagt ut spor i eit stykke av elvedalen til Leader-elva, men den første verdskrigen gjorde slutt på anleggsarbeidet. Då det vart teke opp att, valde ein ei meir austleg linje langs kysten i staden.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 42°30′S 173°19′E

Spire Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.