Sørøya på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørøya på New Zealand

Sørøya er ei av dei to hovudøyene på New Zealand, den andre er Nordøya. Māoriane sitt namn på Sørøya er Te Wai Pounamu, som tyder «Grønsteinvatnet» («grønstein» er jade), eller Te Waka a Māui, som tyder «Māui sin kano».

1800-talet vart Sørøya på somme kart kalla Middle Island eller New Ulster, og namnet Sørøya eller New Leinster vart bruka på øya som i dag heiter Stewart Island/Rakiura.

Sørøya har ei flatevidd på 151 215 km2, dette gjer henne til den 12. største øya i verda. Langs vestkysten går fjellkjeda som er kalla Søralpane (Southern Alps). Aoraki/Mount Cook er det høgaste fjellet på New Zealand, 3 754 m.o.h.

Sørøya vert ofte skjemtsamt kalla «fastlandet», fordi ho er større enn Nordøya, og fordi ho er den eldste øya i følgje mytologiske forteljingar til māoriane. Nordøya er den mest folkerike, tre av landet sine fire millionar innbyggjarar bur der, Sørøya hyser den fjerde millionen.

Regionar på Sørøya:[endre | endre wikiteksten]

Større og mindre byar på Sørøya[endre | endre wikiteksten]

Geografiske landemerke:[endre | endre wikiteksten]

Fargebilete av Sørøya, teke av NASA-satellitten Terra 23. oktober 2002

.


Filminnspelingar[endre | endre wikiteksten]

Store delar av fleire kjende filmar er spelte inn på Sørøya, t.d. trilogien Ringenes herre (The Lord of the Rings) og i 2005 Legenden om Narnia: Løven, heksa og klesskapet (The Chronicles of Narnia: The Lion, the Witch and the Wardrobe).