Chicago

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chicago
by
Flagg
Land  USA
Fylke Cook County, DuPage County
Del av Chicago metropolitan area
Areal 606,2 km²
Folketal 2 896 016
Folketettleik 4 867 / km²
Tidssone CST
Kart
Chicago
41°51′ N 87°39′ W
Wikimedia Commons: Chicago

Chicago er den tredje største byen i USA med eit offisielt folketal på 2 896 016 i 2005, med forstadar mellom 9 og 11 millionar. Byen går og under kallenamna «Second City» og «The Windy City». Chicago ligg i delstaten Illinois på kysten av Michigansjøen. Dessuten er Chicago eit stort trafikknutepunkt, både for lufttrafikken og jernbanetrafikken. O'Hare International Airport som er Chicagos hovudflyplass er ein av verdas mest trafikkerte flyplassar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 1700-talet var Chicago primært busett av den indianske Potawatomi-stammen, som tok plassen til Miami, Sauk and Fox-stammane som hadde kontrollert området tidlegare. Namnet Chicago kjem frå ordet «Checagou» eller «Checaguar» som på Miami-Illinois-språket tyder «villauk» og «skunkdyr». Området vart kalla dette på grunn av den fæle rotne lukta som ein type lauk-plante produserte i Chicago-området på den tida.

Dei første ikkje-indianske busetjarane i Chicago var Jean Baptiste Point du Sable, ein haitiar av afrikansk opphav. Han busette seg ved Chicagoelva rundt 1770 og gifta seg med ei lokal Potawatomikvinne. I 1795, etter krigen om Nordvest -terretoriet, vart området (saman med store delar av Ohio og delar av Indiana) i Greenville-avtalen overført frå indianarane til USA til bruk som militær-post. I 1803 vart Fort Dearborn konstruert og var i bruk fram til 1837, bortsett frå tidsrommet 1812 til 1816 då fortet vart øydelagt under Fort Dearborn-massakren som følgje av 1812-krigen.

Under forbodstida var Chicago assosiert med gangsterar og spritsmugling. Den mest kjente gangsteren frå Chicago er truleg Al Capone.

2. desember 1942 vart verdas første kontrollerte atomreaksjon utført ved University of Chicago som del i det topphemmelege Manhattanprosjektet.

Den store brannen i Chicago[endre | endre wikiteksten]

I 1871 brann det meste av byen. Øydeleggingane etter brannen var enorme: 300 menneske døydde, 18 000 bygningar vart øydelagde og nesten 100 000 av dei 300 000 innbyggjarane i byen vart heimlause.

Hovudgrunnen til at brannen fekk så store konsekvensar var at byen var bygd i tre. Sjølv fortaua var i tre. Samtidig som brannen var katastrofal, har historia vist at brannen kan ha vore til gagns for byen og forstadane. Det gav byplanleggjarane ein sjanse å starte med blanke ark og rette opp feilane frå fortida. I dei neste åra vart verdas første skyskrapar bygd, gatenettverket vart eit standard rutemønster, og posisjonen til byen som transportsenteret i Amerika vart stadfest. Alt dette bidrog til ei langsiktig ramme for robust vekst.

Industrialisering og vekst[endre | endre wikiteksten]

Chicago by vart grunnlagt 12. august 1833, byen hadde på det tidspunkt 350 innbyggarar. Dei opphavlege yttergrensene til byen vart utgjort av gatene Kinzie, Desplaines, Madison og State street, som ramma inn eit område på ca. 1 km².

Før det var gått sju år hadde folketalet i den opphavleg franske og indianske byen auka til ca. 4000. Chicago vart tilstått bystatus 4. mars 1837 av delstaten Illinois. Opninga av Illinois- og Michigan-kanalen i 1848 gjorde det mogleg med shipping over The Great Lakes gjennom Chicago til Mississippi-elva og vidare til Mexicogolfen. Den første jernbanelinja til Chicago, Galena & Chicago Union Railroad, vart ferdig same år.

Personar frå Chicago[endre | endre wikiteksten]

Panoramabilete[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Chicago