Chick Webb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Chick Webb, eig. William Henry Webb, (10. februar 190516. juni 1939) var ein amerikansk jazztrommeslagar og storbandleiar.

Han var fødd i Baltimore, og vart som barn pukkelrygga og kortvokst, på grunn av tuberkulose. Lækjaren hans rådde han til å byrje å spele trommer for å lindre stive ledd. Dette vart starten på ei framgangsrik musikkarriere. Til trass for dei fysiske hindringane vart han ein av jazzens største trommeslagarar. Som 17-åring byrja han å spele med artistar som Duke Ellington og Johnny Hodges. Han var veldig talentfull og beundra av mange samtidige trommeslagarar.

Webb døydde i 1939 på grunn av tuberkulose, berre 34 år gamal. Vokalisten Ella Fitzgerald tok etter hans død over orkesteret.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]