Chomolhari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chomolhari i 1938

Chomolhari er eit 7 314 meter høgt fjell i det søraustlege Himalaya. Det ligg 112 km austnordaust om Kantjendjunga, på grensa mellom Bhutan og Kina. Fjellet er heilagt for tibetanske buddhistar, som årleg tek pilgrimsferder frå Phari Dzong til den heilage sjøen Chomo Lharang, cirka 5 100 moh. på nordsida av Chomolhari. Nordsida av fjellet reiser seg over 2 700 meter over det karrige slettelandet.

Briten Freddie Chapman og sherpaen Pasang Dawa Lama kleiv til topps på Chomolhari i mai 1937.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]