Christian Berge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Berge til høgre

Christian Berge (fødd 19. juli 1973) er ein norsk handballtrenar og tidlegare spelar frå Trondheim. Sidan februar 2014 har han vore landslagssjef for Noreg på karasida. Han leidde landslaget til VM-sølv i 2017, VM-bronse i 2019 og EM-bronse i 2020.

Spelar[endre | endre wikiteksten]

Berge var aktiv i Charlottenlund SK til 1993, dei neste to sesongane spelte han for Trondheim HK. Hausten 1995 tok han steget opp i toppserien med Viking HK. Med laget frå Stavanger vart noregsmeister 1996. Etter sesongslutt våren 1999 skreiv Berge kontrakt med den tyske toppklubben Flensburg-Handewitt. Her var med om å vinne den europeiske cupvinnarcupen 2001, den tyske cupfinalen i 2003, 2004 og 2005. I 2004 gjekk laget hans til topps i seriemeisterskapen. Same året vart han råka av lymfekreft, men kom tilbake i spel før han i 2006 flytta over danske Århus GF, der han var spelande trenar til 2008.

Berge, som var spelstyrar (playmaker), debuterte på landslaget 2. mars 1997 i ein kamp mot Egypt og spelte sin siste landskamp 27. januar 2006 mot Kroatia. Gjennom 63 landskampar skåra han 251 mål. Frå 1999 var han kaptein på laget.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Berge var frå 2008 trenar i Elverum IL. Året etter leidde han laget kongepokal og i 2013 til siger i eliteserien. Vinteren 2014 fekk han jobben som norsk landslagssjef, ein jobb han framleis har i 2021. I hans tid som leiar har det norske handball-landslaget spelt seg fram til VM-finale i 2017 og på ny 2019.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]