Christian Taylor
| Christian Taylor | |
| Statsborgarskap | USA |
| Fødd | 18. juni 1990 (35 år) Fayetteville |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Christian Taylor (fødd 18. juni 1990) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Fayetteville i delstaten Georgia som tevlar i tresteghopp. Han er firfaldig verdsmeister og dobbel olympisk meister i øvinga. Taylor sitt livsbeste tresteghopp på 18,21 meter oppnådde han under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing.
AKtiv
[endre | endre wikiteksten]Taylor vart landsmeister 2011 heime i USA med eit tresteghopp som målte 17,49 m. Eit par månader seinare sette han personleg rekord med eit hopp på 17,96 meter ved verdsmeisterskapen i Daegu og vann gullmedaljen i øvinga. Under dei olympiske leikane i London sommaren 2012 presterte han årsbeste 17,81 m og sikra seg gullmedaljen i tretsteg-gropa. Etter fjerdeplass i MoskvaVM 2013, kom han i 2015 tilbake i sitt livs beste form. I eit DL-stemne i Doha passerte han 18-metersgrensa for fyrste gong. Men 18,04 m heldt ikkje til siger, då den sterke cubanaren Pedro Pablo Pichardo strekte seg 2 centimeter lengre. Den 9. juli flytta Taylor den personlege rekorden til 18,06 meter og slo Pichardo med 7 centimeter. Den 27. august i Beijing vart Taylor verdsmeister for andre gong. Før den siste finaleomgangen låg han på fyrsteplass med i eit hopp på 17,68 m. I den siste omgangen gjekk Pichardo opp leiinga. Taylor svara då med sitt livs beste tresteghopp og landa på 18,21 meter.
Sommaren 2016 nådde Taylor årsbeste 17,86 meter i sitt fyrste finalehopp under dei olympiske lekiane i Rio de Janeiro, ein prestasjon som gjorde at han forsvarte den olympisk meistertittelen. Landsmannen Will Claye hoppa 17,76 m og syrgde for dobbeltsiger til USA. 27. mai 2017 vann Taylor atter over Claye då dei møttest i eit stort stemne i Eugene i Oregon. Begge hoppa over 18 meter, Taylor 18,11 m og Claye 18,05 m. I VM-finalen 2017 i London strekte Taylor seg 5 centimeter enn Claye og tok VM-gull nummer 3. To år seinare vart Taylor verdsmeister for fjerde gong. I finalen i Doha smekka han til med årsbeste 17,92 meter, atter ein gong måtte landsmannen Claye.
Åra 2012, 2013, 2014, 2015, 2016, 2017 og 2019 gjekk Taylor til topps samanlagt i Diamantserien (DL) i tresteghopp. Perioden 2011-19 vann han 29 tevlingar i Diamantserien, 28 i tresteg og ein i lengdehopp.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 2011 i Daegu: Gullmedalje – 17,96 m, framom Philliips Idowu (17,77 m)
- OL 2012 i London: Gullmedalje – 17,81 m, framom Will Claye (17,62 m)
- VM 2013 i Moskva: Nr 4 – 17,20 m
- VM 2015 i Beijing: Gullmedalje – 18,21 m, framom Pedro Pichardo (17,73 m)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje – 17,86 m, framom Will Claye (17,76 m)
- VM 2017 i London: Gullmedalje – 17,68 m, framom Will Claye (17,63 m)
- VM 2019 i Doha: Gullmedalje – 17,92 m, framom Will Claye (17,74 m)
- VM 2022 i Eugene: Utslått i kvalifiseringa (16,48 =nr 18)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Christian Taylor (athlete)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2015.
- «Christian Taylor» (på engelsk). Olympedia. Henta 11. mars 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1990
- Tresteghopparar frå USA
- Verdsmeistrar i friidrett for USA
- Olympiske meistrar for USA
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2012
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2016
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016