Christiane Rochefort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christiane Rochefort

Pseudonym Dominique Féjos
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 17. juli 1917
14. arrondissement
Død

24. april 1998 (80 år)
Le Pradet

Yrke skribent, manusforfattar, omsetjar, journalist
Språk fransk
Christiane Rochefort på Commons

Christiane Rochefort (17. juli 191724. april 1998) var ein fransk feministisk forfattar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Christiane Rochefort var fødd i eit venstredominert arbeidarklasseområde i Paris. Far hennar deltok i dei internasjonale brigadane under den spanske borgarkrigen.

Ho verka fyrst som journalist, og var pressattaché ved filmfestivalen i Cannes i femten år før ho gav ut den fyrste romanen sin, Le Repos du guerrier (Krigerens hvile), i 1958, som tek for seg kjønnsroller. Som fleire av dei seinare romanane hennar var Le Repos du guerrier ein bestseljar. I 1962 låg han til grunn for ein populær film regissert av Roger Vadim der Brigitte Bardot hadde ei av hovudrollene.

Romanane til Rochefort er delte mellom sosialrealistiske satirar om Frankrike i samtida og utopiske eller dystopiske fantasiar, ofte med sterke seksuelle innslag.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Rochefort vann Prix Médicis 1988.

Bibliografi i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Cendres et or" (1956)
  • Le repos du guerrier (1958) – oms. til Krigerens hvile av Carl Hambro i 1960.
  • Les petits enfants du siècle (1961) – engelske oms. Children of Heaven (1962) og Josyane and the Welfare (1963)
  • Les stances à Sophie (1963) – svensk oms. I nöd och lust (1965)
  • Une rose pour Morrison (1966) (dedisert til Mister Bob Dylan)
  • Printemps au parking (1969), oms. til Faen, det er vår! av Jan Olav Gatland i 1987
  • Archaos, ou le Jardin Etincelant (1972)
  • Encore heureux qu'on va vers l'été (1975)
  • Quand tu vas chez les femmes (1982)
  • La porte du fond (1988) Prix Médicis (dedisert til Jeffrey Moussaieff Masson)
  • Conversations sans paroles (1997)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]