Hopp til innhald

Brigitte Bardot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brigitte Bardot

Fødd28. september 1934
Fødestad15. arrondissement
Død28. desember 2025 (91 år)
DødsstadSaint-Tropez
FødenamnBrigitte Anne-Marie Bardot
Aktive år19521982
Verka somsongar, sjølvbiograf, filmskodespelar, dyrerettsforkjempar, plateartist, dansar, fotomodell, skribent, offentleg person, skodespelar, modell, animal protectionist, aktivist
MorAnne-Marie Muscel
FarLouis Bardot
EktefelleRoger Vadim, Jacques Charrier, Gunter Sachs, Bernard d'Ormale
SambuarGilbert Bécaud, Serge Gainsbourg
BornNicolas-Jacques Charrier
PrisarBambi-prisen, Den gylne arks orden, Prix des intellectuels indépendants, David di Donatello-prisen for beste utenlandske kvinnelige skuespiller, Ridder av Æreslegionen, Paul Léautaud Prize

Brigitte Anne-Marie Bardot (28. september 193428. desember 2025)[1] var ein fransk dyrevernaktivist, skodespelar, songar og mannekeng. Ho er særleg kjend frå si tid som filmskodespelar og erotisk ikon på 1950- og 1960-talet.[2][3][4]

Liv og gjerning

[endre | endre wikiteksten]

Bardot vart fødd i Paris, der faren, som var ingeniør, arbeidde i eit familiefirma.[5][6] Ho byrja å ta oppdrag som mannekeng då ho var 15 år gammal, bilete av henne vart allereie då publisert i det franske motemagasinet Elle.[7]

Skodespelar

[endre | endre wikiteksten]

Bardot debuterte som skodespelar i 1952 i filmen Le Trou normand. Same året spela ho i ytterlegare to filmar, og gifta seg med filmmakaren Roger Vadim. Ekteskapet varte i fem år. I 1953 spela Bardot i sin første USA-amerikanske film, Un acte d’amour, der Kirk Douglas var motspelaren hennar.

Brigitte Bardot i 1968.

BB, som ho snart vart kalla, var ein av dei mest eksponerte filmskodespelarane i 1950- og 1960-åra. Hennar internasjonale gjennombrot kom i 1956 med Vadims fyrste film; Gud skapte kvinna (fransk tittel Et Dieu créa la femme). Filmen, som hadde stor suksess også i Nord-Amerika, vakte ein del oppstyr og forarging, og la grunnlaget for den mytiske Brigitte Bardot. Gjennom filmar som Sanninga (1960), Forakta (1963) og Viva Maria (1965) vart ho også filmhistorisk.

År 1959 gifta den gravide Bardot seg med skodespelaren Jacques Charrier, og sonen Nicolas Charrier kom til verda. Guten voks opp hos besteforeldra og har i mange år budd i Noreg, der han er gift. I 1965 spela ho seg sjølv i den USA-amerikanske filmen Dear Brigitte, mot James Stewart. 39 år gammal trekte ho seg tilbake som skodespelar etter filmen L'Historie très bonne et très joyeuse de Colinot trousse-chemise.

Chistina Motta: Statue av Brigitte Bardot i Rio de Janeiro i 1999.

Ei ti års tid frå 1962 song og spela Brigitte Bardot inn viser og pop-songar. Låten «Harley Davidson» frå 1967 er hennar mest kjende song. Same året song ho inn Serge Gainsbourg sin mest berømte song; «Je t’aime … moi non plus», men versjonen vart ikkje gjeven ut før fleire tiår seinare. I staden var det Jane Birkin som fekk presentere den grensesprengande låten.

Dyrevernar

[endre | endre wikiteksten]

I 1968 oppnådde forfattaren Marguerite Yourcenar, gjennom eit privatbrev til Bardot, å vinne henne for ein kampanje mot jakta på sel i Canada. Året etter stilte elles Bardot halvnaken opp i ein annonsekampanje for minkpelsar, men dette skulle ikkje kome til å påverke hennar rolle som dyrevernaktivist. Frå 1970-talet har Bardot vore aktiv i arbeidet for dyrevern, og grunnla etter ei tid ei stifting som har namn etter henne.

Etter ho hadde forlate filmbransjen i 1973, stod Bardot fram som ein prominent dyrevernar. Særleg framskoten plass fekk ho i demonstrasjonane mot metodane og omfanget av den kanadiske selfangsten. Under ein demonstrasjon i Paris brende ho pelsar og ho let set avbilde med ein ungsel i isen utanfor Canada. For miljøvernorganisasjonen Sea Shepherd var ho ein viktig støttespelar, og i mai 2011 vart ein av båtane til organisasjonen, for å heidre henne, omdøypt til «Brigitte Bardot».

Politisk aktivist

[endre | endre wikiteksten]

Bardot var busett i Sør-Frankrike og fekk i dei seinare åra merksemd for sin motstand mot islam, innvandring og homoseksuelle. Fleire gongar måtte ho møta i retten, skulda for å ha oppmoda til rasehat.[8][9] I 1997 vart ho frikjend i ei sak, men både både i 2000 og 2004 vart ho bøtelagt for ytringar, bøtene var på høvesvis 3000 franc og 5000 euro. Siste gongen vart ho dømd for ytringar vedkomande islamske slaktemetodar.


Biografen Chantal Nadeau har hevda, med basis i Bardot sin språkbruk i innvandringssaker og i spørsmål om seljakt,[10][11][12] at den tidlegare filmstjerna hadde eit grunnleggjande konservativt og reaksjonært verdssyn. Sidan 1990-åra stod Bardot nær høgrepartiet Front National i mange politiske saker.

I 2003 gav Bardot ut boka Un cri dans le silence.[13] Forlaget Éditions du Rocher medverka til at boka vart den mest suksessrike franske boka i året 2004. Bardot kritiserte elles matvanane til franskmenn og snøggmat, moderne kunst og stein-arkitektur; og har sverma for eit «Frankrike frå dengongen» med «menneskelege dimensjonar».

  1. Pulver, Andrew (28. desember 2025). «Brigitte Bardot, French screen legend, dies aged 91». The Guardian. Henta 28. desember 2025.
  2. Handley, John (16. mars 1986). «St. Tropez: What Hath Brigitte Bardot Wrought?». Chicago Tribune.
  3. Cherry 2016, s. 134; Vincendeau 1992, s. 73–76.
  4. Wypijewski, Joann (30. mars 2011). «Elizabeth Taylor: What Becomes a Legend Most». The Nation.
  5. «Brigitte Bardot: 'J'en ai les larmes aux yeux'». Le Républicain Lorrain (på fransk). 23. mai 2010. Arkivert frå originalen 2. desember 2013.
  6. Singer 2006, s. 6.
  7. Singer 2006, s. 19.
  8. «Brigitte Bardot is Handed Her Sixth Fine for 'Inciting Racial Hatred'». Vanity Fair. 5. november 2021.
  9. «Brigitte Bardot at 80: still outrageous, outspoken and controversial». The Guardian. 20. september 2014.
  10. De Breteuil, Paul (22. oktober 2024). «Brigitte Bardot appelle à la mobilisation pour la libération de l'activiste écologiste Paul Watson» [Brigitte Bardot calls for rallying for the release of environmental activist Paul Watson]. Le Figaro (på fransk). Arkivert frå originalen 11 November 2024. Henta 11. november 2024.
  11. Cavallaro, Régine (1. januar 2009). «Paul Watson, pirate au grand coeur» [Paul Watson, pirate with a big heart]. Le Monde (på fransk). Arkivert frå originalen 11. november 2024. Henta 11. november 2024.
  12. Marie, Juliette (23. juli 2024). «Arrestation de Paul Watson: ce qu'il faut savoir sur le fondateur de Sea Shepherd en 6 dates clés» [Arrest of Paul Watson: what you need to know about the founder of Sea Shepherd in 6 key dates]. Ouest-France (på fransk). Arkivert frå originalen 23. juli 2024. Henta 11. november 2024.
  13. Webster, Paul; Hearst, David (5. mai 2003). «Anti-gay, anti-Islam Bardot to be sued». The Guardian. Henta 3. oktober 2009.
Bibliografi
  • Singer, Barnett (2006), Brigitte Bardot : A Biography, McFarland & Company, ISBN 978-0786425150 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Brigitte Bardot