Christina Aguilera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christina Aguilera

Fødd18. desember 1980 (43 år)
FødestadStaten Island
FødenamnChristina María Aguilera
AliasXtina (X-Tina), Baby Jane
OpphavUSA
Aktiv1992–
Sjangerpop, danse-pop, moderne R&B, soul, adult contemporary, synthpop, jazz, blues, poprock, electro
Instrumentvokal
PlateselskapRCA Records
Verka somsongar-låtskrivar, komponist, dansar, musikar, musikkprodusent, musikkvideoregissør, gründer, filmprodusent, modell, skodespelar, stemmeskodespelar, plateartist
Gift medJordan Bratman
BornMat Muñoz, Summer Rain Rutler
PrisarGrammy Award for beste nye artist, Latin Grammy Award for Best Female Pop Vocal Album, Grammy Award for Best Pop Collaboration with Vocals, Grammy Award for Best Country Collaboration with Vocals, Grammy Award for Best Country Collaboration with Vocals, Grammy Award for Best Pop Duo/Group Performance, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Latin Grammy Award for Best Traditional Pop Vocal Album, Disney Legends

Christina Aguilera (fødd 18. desember 1980) er ein USA-amerikansk musikar som skriv eigne songar og syng dei innan musikkstilar som dance, R&B, jazz, soul og pop.

Christina Aguilera vart fødd i Staten Island i delstaten New York i USA. Som ung opptredde ho i mange talentkonkurransar. Då ho vart 12 år fekk ho endeleg vere med i «The Mickey Mouse Club» saman med utøvarar som Justin Timberlake og Britney Spears. Der vart ho kalla «Den litle jenta med den store stemma».

I 1999 fekk ho sitt store gjennombrot med megahiten «Genie In A Bottle». Det same året gav ho ut debutalbumet Christina Aguilera. Frå dette albumet kjem også «Come on over», «I turn to you» og «What A Girl Wants».

Året etter gav Aguilera ut to album, eit spanskspråkleg album som heitte Mi Reflejo og eit julealbum som heitte My Kind Of Christmas. Men etter dette vart det stille frå songaren ei lita stund før ho i 2002 sjokkerte alle med sin nye stil. Ho hadde blitt meir vaksen og byrja å spele meir på sex. Singelen var henta frå albumet Stripped. Seinare kom også singelen «Beautiful». Her syng Christina: «I am beautiful no matter what they say. Words can't bring me down...» Songane «Fighter», «Can't Hold Us Down» og «The Voice Within». Men det var ein song som mange la ekstra merke til på dette albumet. Det var songen «I'm Ok». Her syng Christina om korleis faren behandla dei då ho var ung. «Bruises fade father, but the pain remains the same. And I still remember how you kept me so afraid. Strength is my mother for all the love she gave. And every morning that I wake I look back at yesterday. And I'm okay».

I 2006 var det klart for eit nytt album frå Aguilera, nemleg med dobbeltalbumet Back To Basics. Her handla mange av tekstane om Jordan, mannen ho gifta seg med i november det same året. «Ain't No Other Man», «Hurt» og «Candyman» er singlar for dette albumet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Christina Aguilera