Christine Harstad Schuff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christine Harstad Schuff
Christine Harstad Schuff performing at Hageteateret in August 2020.jpg
Fødd1979-02-066. februar 1979 (42 år)
FødestadSacramento i California
FødenamnChristopher Michael Schuff
AliasjustXx, JustX (Padre X), Chris Padrino, Christoforos Schuff
OpphavUSA, Noreg
Aktiv1999-i dag
Instrumentgitar, vokal, slagverk, piano
Tilknytte artistarMaria Schuff (Hildegunn M.T. Schuff), Simpleminded
PlateselskapCellar Records Scandinavia
Verka somprest, småbrukar, songar, komponist

Christine Harstad Schuff (fødd 6. februar 1979 i Sacramento) er ein amerikansk musikar, skribent, kunstnar[1][2][3][4][5] og tidlegare ortodoks prest,[6][7] kjend for sitt samfunnsengasjement og for å vera aktiv deltakar i samfunnsdebatten kring tru, kultur[8], rettferd i samfunnet og menneskerettar. Schuff er gift, har tre born og er busett i Kristiansand. Ho har utdanning innan teologi, språkfag, musikk, historie og økologisk landbruk både frå Noreg og Hellas.

Samfunnsengasjement[endre | endre wikiteksten]

Med grunnlag i samfunnsengasjementet og livssynet sitt har Schuff vore profilert i media ei rekkje gonger sidan 2006, der ho mellom anna vert teikna som oppteken av ein berekraftig og enkel livsstil[9], økologi og rettferd[10]. Ein artikkel i avisa Vårt land i 2006[11] fekk tittelen «Ikke helt ortodoks», og våren 2011 vart ho teikna av NRK som «Svartkledt og fargerik»[12], sannsynleg på grunn av dei ymse rollene ho mellom anna har hatt som prest, småbrukar og musikar, m.m. Våren 2011 vart ho profilert i livssynsprogrammet Åpen himmel.[13] i ny utgåve av programmet i 2012 og 2013 med namnet UnderveisNRK[14] og att i 2013. Hausten 2010 vart ho involvert i ei kyrkjeasylsak[15][16] då ein serbisk familie frå Kosovo gjekk i asyl hjå den ortodokse kyrkjelyden på Greipstad i Songdalen. Ho har elles vorte rådspurd i fleire medium om spørsmål omkring ortodoks historie, tru og tradisjon[17][18] og sidan 2010 i saker om romfolk i Noreg.[19][20][21] Som dåverande prest hadde ho uttala seg positivt om retten til samkjønna ekteskap og LHBT-rettar[22], noko som førte til kritikk frå konservativt kristent hald. Engasjementet og dei teologiske ytringane hennar om kjønn og seksualitet førte etterkvart til at ho vart suspendert frå embetet som ortodoks prest i 2017. Ho har òg vore involvert i fleire saker til støtte for romfolk i Noreg,[23][24][25][26] mellom anna gjennom å formidla arbeid.[27][28][29][30][31] I mars 2013 mottok Schuff Fokusprisen (diakoniprisen) frå Diakoniforbundet i Agder og Telemark for engasjementet sitt for og solidaritet med utsette eller vanskelegstilte grupper[32]. I 2015 vart ho tildelt Brobyggerprisen av Norske kirkeakademier for arbeidet ho sitt med fattige.[33][34]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Schuff har gjeve ut tre plater med eigen musikk og ei rekkje singlar. Tidlegare opptredde ho tidvis saman med eks-kona si med namnet «Simpleminded». Som scenekunstnar brukar ho namnet «justXx». Ein del av musikken hennar er kjenneteikna av samfunnsengasjement og mellom komposisjonane hennar finn ein anti-krigssongane «God damn the war»[35] og rap-singelen «War and More»[36] frå 2011. Singelen «My friend» frå 2009 handlar om ein barndomsven som vart dømd for drap i USA.

Helse[endre | endre wikiteksten]

16. januar 2013 kom det fram i eit intervju med Fædrelandsvennen at Schuff var vorten kreftsjuk[37] med diagnosen follikulært lymfom, ei form for lymfekreft som vert rekna for å vera ulækjeleg.[38]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • The Cry (2001)
  • The Call (2001)
  • Live (2003)
  • God damn the war - singel (2011)
  • War and More - singel (2011)
  • Christmas Song - singel (2011)[39]
  • Recuerdo - singel (2012)
  • Hellige natt - singel (2014)[40] [41]
  • Para siempre - singel (2015), under artistnamnet Chris Padrino

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lillesands-Posten, 16. juni 2020 s. 25
  2. Lillesands-Posten, 19. juni 2020 s. 5
  3. Agderposten, 20. juni 2020 s. 50
  4. Lillesands-Posten, 23. juni 2020 s. 20 - 21
  5. Grimstad Adressetidende, 8. august 2020 s. 17
  6. Eksarkatet av Konstantinopel[daud lenkje]
  7. Grimstad Adressetidende, 11. juni 2020 s. 16
  8. Vårt land, 7. januar 2013 s. 3
  9. NRK 23. desember 2008 [1]
  10. STREK, Nr. 2, 2011, s. 19
  11. Vårt land, 15. mars 2006 s. 26–27
  12. NRK-omtale 15. april 2011 [2][daud lenkje]
  13. [http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/729784/ «Faderen på Greipstad», NRK, 17. april 2011[daud lenkje]
  14. Underveis (9:12) - NRK 4.-9. april, 2012[3]
  15. NRK, 21. oktober 2010 [4][daud lenkje]
  16. NRK, 16. november 2010 [5][daud lenkje]
  17. Vårt land, 22. november 2011 (nettutgåve)[6]
  18. Vårt land, 24. november 2011, s. 18
  19. Fædrelandsvennen, 6. desember 2010 s. 7
  20. NRK P1 16. juli 2012
  21. NRK P1, 21. desember 2012 Få tiggere igjen på Sørlandet
  22. Vårt land, 12. oktober 2011 s. 3, Nytt norsk kirkeblad nr. 3-2013, s. 27-32
  23. NRK 04. juni 2012 Sitter sammen med tiggerne
  24. Fædrelandsvennen, 04. juni 2012 [7][daud lenkje]
  25. Ny tid 03. august 2012, Ny Tid nummer 27
  26. NRK P1 07. august 2012
  27. Aftenbladet, 20. juli 2012 [8][daud lenkje]
  28. Fædrelandsvennen, 20. juli 2012 s. 1, 6-7
  29. VG (nettutgåve), 20. juli 2012 Ortodoks prest gir romfolk arbeid
  30. Fædrelandsvennen, 21. juli 2012 s. 6
  31. NRK 07. august 2012 «Her får romfolket jobb»
  32. NRK 06. mars 2013 [http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.10938547 Hedret fader Christoforos med pris]
  33. Fædrelandsvennen, 17. mars 2015 [9][daud lenkje]
  34. Norske kirkeakademier [http://www.kirkeakademiene.no/amazon-store/brobyggerprisen-2015/ Pressemelding: Brobyggerprisen 2015 til fader Christofóros og Lasse Gran]
  35. «God damn the War»-musikkvideo
  36. «War and More»-musikkvideo
  37. Fædrelandsvennen, 16. januar 2013 s. 10 [10]
  38. MacMillan Cancer Support - Follicular Lymphoma (henta 16. januar, 2013), m.fl. [11][12]
  39. NRK Radio P1, SørlandsScenen 21. desember 2011
  40. NRK Sørlandet, 15. desember 2014 [13]
  41. [14]