Prest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein prest frå lukumí-religionen sit framfor nokre av dei seremonielle tinga han bruker.

Ein prest er ein person som har ansvaret for eller leier religiøse seremoniar eller kulthandlingar. Ordet kjem frå gresk presbyter, som tyder «dei eldste». Kvinnelege prestar vert i nokre høve kalla prestinner.

Sjølv om ordet opphavleg skildrar kristne leiarar, blir det no òg brukt om personar som utfører seremonielle handlingar i andre religionar.

Kristne prestar[endre | endre wikiteksten]

Kristendommen
Icthys-symbolet
Geistlege

biskop | pave | prest


To katolske prestar kledde i lange, svarte kjortlar.

Dei fleste kristne samfunn har ein ein prest som leiar rituala deira, deler ut sakrament, og gjerne verkar som sjelesørgar. Det finst likevel retningar som ikkje har prestar, til dømes kvekarane.

I dei ortodokse og katolske kyrkjene vert ordinasjonen av ein prest sett på som eit livsvarande sakrament som gir han ein særskilt gudegitt nåde. Berre ein prest kan leia dåp, nattverd og giftemål, salva sjuke og høyra skriftemål. Det er biskopen som ordinerar prestar, og dei kan berre mista embetet sitt ved særskilt alvorlege høve.

Berre menn kan bli prestar, og dei bør vera over 30 år. Dei kan normalt ikkje gifta seg etter at dei er blitt ordinerte. Det er likevel vanleg å la gifte menn bli prestar i alle desse kyrkjene, bortsett frå den romersk-katolske.

I protestantiske kyrkjer ser ein ikkje på presteordinasjonen som eit sakrament, men som ei stadfesting av at han er skikka til å utføra embetet. I fleire av kyrkjene er det mogleg for kvinner å bli ordinerte, og prestar har lov til å gifta seg. Lekfolk og diakonar kan utføra fleire av funksjonane som berre prestar kan gjera i dei ortodokse og katolske kyrkjene.

Kristne prestar har gjerne ein særskilt klesdrakt når dei leier ein gudsteneste, gjerne ein kvit kjortel med stola. I nokre kyrkjer markerer dei òg stillinga si til kvardags, til dømes ved å ha ein stiv kvit krage om halsen, eller ved å kle seg i svart.

Jødiske prestar[endre | endre wikiteksten]

Blant jødane er prestane tradisjonelt dei mannlege etterkomarane etter Aron. Då Tempelet framleis fanst i Jerusalem hadde dei ansvaret for ofringane der, men då dette vart øydelagt miste dei denne viktige rolla. Rabbinarane tok seinare over som midtpunktet i jødiske trusamfunn, og i moderne tid ofte òg som midtpunkt i synagogen. Noka presterolle i kristen forstand finst tradisjonelt ikkje i jødedommen, men i det moderne Nord-Amerika har rabbinarutdanninga byrja å leggje meir vekt på sjelesorg og liknande element.

Ein som stammar rett frå dei opphavlege prestane på rein farsside vert kalla ein kohén (fleirtal: kohaním). Under torálesinga i synagogensabbaten (laurdag), måndag og torsdag blir alltid ein kohén kalla til Toráen for den første delen av vekeavsnittet av Toráen — sjå alijá. Prestesigninga på heilagdagar (blant askenasiske og sefardiske jødar), sabbaten (blant sefardiske jødar) og i nokre grupper òg kvar dag (sefardiske og mizrahiske jødar i Israel) blir gjort av kohaním når dette er mogleg.

Muslimske prestar[endre | endre wikiteksten]

Dei som kan vera prestar i islam er personar som mellom anna kan heile Koranen utanboks. Dei vert ofte kalla ærestitlar som tyder «lærar» eller «meister», til dømes imam, maulana eller sjeik. Presten kallar til bøn og leiar henne kvar dag i moskéen. Han tek seg òg av muslimske livsløpsseremoniar.

Det er normalt berre menn som kan verta prestar innan islam, men i dei muslimske provinsane i det sentrale Kina er det òg vanleg med kvinnelege prestar.

Hinduprestar[endre | endre wikiteksten]

I hinduismen har prestane heller ingen spesiell nåde, men har den naudsynlege kunnskapen som trengst for å utføra dei mange seremoniane i det hindiske livsløpet på ein rett måte. Det er normalt menn som vert prestar, men det finst òg nokre få kvinner i denne rolla. I mange retningar må ein vera av brahmin-kasta for å bli prest, medan i andre kan kven som helst bli det.

Ein som vil bli prest studerer hinduskrifter og går i lære hjå ein eldre prest. Når han har lært nok, kan han òg bli ein fullverdig prest. Mange prestar lèt vera å eta kjøt og drikka alkohol, men slett ikkje alle.

Det er vanleg for prestelærlingar å barbera hovudet bortsett frå ein lokk på bakhovudet. I nokre retningar held ferdige prestar på denne frisyren, medan andre let håret gro seg langt frå då av. Andre igjen har normale frisyrar som ikkje skil seg frå vanlege folk sine. Prestar skil seg sjeldan frå andre i klesdrakten, men dei teiknar nokre kvite strekar på pannen til ære for Gud som ikkje alle andre har.

Buddhistiske prestar[endre | endre wikiteksten]

Buddhistiske munkar i eit tempel i Sikkim.

Det er munkar og nonner som opptrer som prestar innan buddhismen. Både kvinner og menn barberar hovudet og kler seg i klede med raudleg, brunleg eller oransje let. Innan nokre retningar kan dei ikkje gifta seg, medan dette er tillete i andre. Det same gjeld inntak av kjøt og alkohol.

Andre former for presteskap[endre | endre wikiteksten]

Ein taoistisk prest

Dei fleste organiserte religionane har hatt ei form for presteskap som tok seg av rituelle handlingar som ofring og overgangsseremoniar. I mange av religionane i Midt-Austen og rundt Middelhavet var menn prestar for mannlege gudar og kvinnar prestinner for gudinner. Ein via gjerne livet sitt til guddommen, noko som på eit vis tilsvarar ordinasjon.

I nyheidenskap, til dømes wicca, har ein òg ofte prestar og prestinner. Ein har ikkje noko spesielt system for å ordinera dei.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]