Christoforos Schuff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christoforos Schuff
Christoforos Schuff Mytilene 2016 P Avagiannos arr.jpg
Fødd1979-02-066. februar 1979
FødestadSacramento i California
FødenamnChristoforos Schuff (fødd Christopher Michael Schuff)
AliasJustX (Padre X), Chris Padrino
OpphavUSA, Noreg
Aktiv1999-i dag
Sjangerlåtskrivar, country, bluesrock, hiphop, meksikansk
Instrumentgitar, vokal, slagverk, piano
Tilknytte artistarMaria Schuff (Hildegunn M.T. Schuff), Simpleminded
PlateselskapCellar Records Scandinavia
Verka somprest, småbrukar, songar, komponist

Fr. Christoforos Schuff (fødd 6. februar 1979 i Sacramento) er ein amerikansk ortodoks prest,[1] musikar og aktiv deltakar i samfunnsdebatten kring tru, kultur[2], rettferd i samfunnet og menneskerettar. Schuff er gift, har tre born og er busett på Greipstad i Songdalen, vest for Kristiansand. Han har utdanning innan teologi, språkfag, musikk, historie og økologisk landbruk både frå Noreg og Hellas.

Samfunnsengasjement[endre | endre wikiteksten]

Med grunnlag i samfunnsengasjementet og livssynet sitt har Schuff vore profilert i media ei rekkje gonger sidan 2006, der han mellom anna vert teikna som oppteken av ein berekraftig og enkel livsstil[3], økologi og rettferd. Av ideologiske grunnar eig ikkje Schuff bil, endå småbarnsfamilien bur på landet.[4] Ein artikkel i avisa Vårt land i 2006[5] fekk tittelen «Ikke helt ortodoks», og våren 2011 vart han teikna av NRK som «Svartkledt og fargerik»[6], sannsynleg på grunn av dei ymse rollene han har som mellom anna prest, småbrukar og musikar. Våren 2011 vart han profilert i livssynsprogrammet Åpen himmel.[7] I påskeveka 2012 vart han profilert fleire gonger i programmet UnderveisNRK[8] og att i 2013. Hausten 2010 vart han involvert i ei kyrkjeasylsak[9][10] då ein serbisk familie frå Kosovo gjekk i asyl hjå den ortodokse kyrkjelyden på Greipstad i Songdalen. Han har elles vorte rådspurd i fleire medium om spørsmål omkring ortodoks historie, tru og tradisjon[11][12] og sidan 2010 i saker om romfolk i Noreg.[13][14][15] Han har uttala seg positivt om retten til homofilt ekteskap etter sekulær lov, samstundes som han strekar under at det lyt respekterast at trussamfunna vil halda seg til eiga tru og praksis innetter.[16] Han har òg vore involvert i fleire saker til støtte for romfolk i Noreg,[17] [18] [19] [20] mellom anna gjennom å formidla arbeid.[21][22] [23][24] [25] I mars 2013 mottok Schuff Fokusprisen (diakoniprisen) frå Diakoniforbundet i Agder og Telemark for engasjementet sitt for og solidaritet med utsette eller vanskelegstilte grupper[26]. I 2015 vart han tildelt Brobyggerprisen av Norske kirkeakademier for arbeidet han sitt med fattige.[27][28]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Schuff, som ofte opptrer saman med kona, har gjeve ut tre plater med eigen musikk og ei rekkje singlar. Saman brukar dei namnet «Simpleminded», men som einskild artist er han mellom anna kjend som «Padre X» eller «Chris Padrino». Ein del av musikken hans er kjenneteikna av samfunnsengasjement tufta på eit kristent livssyn. Mellom komposisjonane hans finn ein anti-krigssongane «God damn the war»[29] og rap-singelen «War and More»[30] frå 2011. Singelen «My friend» frå 2009 handlar om ein barndomsven som sit inne på livstid i USA.

Helse[endre | endre wikiteksten]

16. januar 2013 kom det fram i eit intervju med Fædrelandsvennen at den ortodokse presten var vorten kreftsjuk[31] med diagnosen follikulært lymfom, ei form for lymfekreft som vert rekna for å vera ulækjeleg.[32]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • The Cry (2001)
  • The Call (2001)
  • Live (2003)
  • God damn the war - singel (2011)
  • War and More - singel (2011)
  • Christmas Song - singel (2011)[33]
  • Recuerdo - singel (2012)
  • Hellige natt - singel (2014)[34] [24]
  • Para siempre - singel (2015), under artistnamnet Chris Padrino

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Eksarkatet av Konstantinopel[1]
  2. Vårt land, 7. januar 2013 s. 3
  3. NRK 23. desember 2008 [2]
  4. STREK, Nr. 2, 2011, s. 19
  5. Vårt land, 15. mars 2006 s. 26–27
  6. NRK-omtale 15. april 2011 [3]
  7. «Faderen på Greipstad» NRK, 17. april, 2011[4]
  8. Underveis (9:12) - NRK 4.-9. april, 2012[5]
  9. NRK 21. oktober 2010 [6]
  10. NRK 16. november 2010 [7]
  11. Vårt land, 22. november 2011 (nettutgåve)[8]
  12. Vårt land, 24. november 2011, s.18
  13. Fædrelandsvennen, 6. desember 2010 s. 7
  14. NRK P1 16. juli 2012
  15. NRK P1 21. desember 2012 [9]
  16. Vårt land, 12. oktober 2011 s. 3, Nytt norsk kirkeblad nr 3-2013, s. 27 - 32
  17. NRK 04. juni 2012 [10]
  18. Fædrelandsvennen, 04. juni 2012 [11].
  19. Ny tid 03. august 2012, Ny Tid nummer 27
  20. NRK P1 07. august 2012
  21. Aftenbladet, 20. juli 2012 [12]
  22. Fædrelandsvennen, 20. juli 2012 s. 1, 6 - 7
  23. VG (nettutgåve), 20. juli 2012 [13]
  24. Fædrelandsvennen, 21. juli 2012 s. 6
  25. NRK 07. august 2012 [14]
  26. NRK 06. mars 2013[15]
  27. Fædrelandsvennen, 17. mars 2015 [16]
  28. Norske kirkeakademier [17]
  29. «God damn the War» musikkvideo[18]
  30. «War and More» musikkvideo[19]
  31. Fædrelandsvennen, 16. januar 2013 s. 10 [20]
  32. MacMillan Cancer Support - Follicular Lymphoma (henta 16. januar, 2013), m.fl. [21][22]
  33. NRK Radio P1, SørlandsScenen 21. desember 2011
  34. NRK Sørlandet, 15. desember 2014 [[23]]