Christopher Lasch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christopher Lasch
Fødd 1. juni 1932
Omaha
Død

14. februar 1994 (61 år)
Pittsford

Yrke historikar, samfunnskritiker, skribent, sosiolog, journalist

Christopher Lasch (1. juni 193214. februar 1994) var ein amerikansk historikar og forfattar. Han vart kjend som ein framståande kritikar av den moderne, vestlege kulturen i fleire bøker skrivne på 70- 80- og 1990-talet.

Den narsissistiske kultur frå 1979 er den mest kjende av bøkene hans. Boka er ei brei skildring av kultursituasjonen i Sambandsstatane i siste helvta av 1900-talet, og vart ein bestseljar. Lasch vart tildelt American Book Award i 1980 for Den narsissistiske kultur (ein pris han avslo), og boka vart òg lesen av dåverande president Jimmy Carter. Mange har i ettertid hevda at det var boka til Lasch som påverka talen presidenten heldt i juli 1979 om den moralske krisa («the crisis of confidence») han meinte truga det amerikanske samfunnet.[1]

Utvald bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • The Culture of Narcissism (1979, norsk omsetjing Den narsissistiske kultur, 1982)
  • The Minimal Self (1984, norsk omsetjing Seg selv nok?, 1986)
  • The True and Only Heaven: Progress and Its Critics (1991)
  • The Revolt of the Elites and the Betrayal of Democracy (1995; norsk omsetjing Elitenes opprør og sviket mot demokratiet, 1996)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nils Johan Lavik (2006). «Innledende essay». Den narsissistiske kultur. Oslo: Bokklubben. s. XXXVI-XXXVII. ISBN 9788252563900.