Jimmy Carter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
James Earl Carter II
Jimmy Carter.jpg
President i USA
Regjeringstid20. januar 197720. januar 1981
Fødd1. oktober 1924 (94 år) i Plains i Delstaten Georgia
FødestadPlains, Lillian G. Carter Nursing Center
FøregjengarGerald Ford
EtterfølgjarRonald Reagan
Gift medRosalynn Carter

James Earl Carter II (fødd 1. oktober 1924), oftast omtala som Jimmy Carter, er ein politikar i USA. Han var president i USA frå 1976 til 1981, som nummer 39 i rekkja over presidentar.

Hans største utanrikspolitiske suksess som president vart forhandlingene knytt til Camp David-avtalen mellom Israel og Egypt i 1978. Siste delen av presidenttida vart prega av ei gisselsak i Iran. Han stilde opp i presidentvalet i 1980, men måtte sjå seg slegen av Ronald Reagan.

Etter avgangen som president har han engasjert seg i fredspolitisk arbeid verda over. Mellom anna har han mekla i konfliktområde i Latin-Amerika, Midtausten og Afrika. Jimmy Carter var den fyrste sitjande eller tidlegare amerikanske president som vitja Cuba sidan 1928. Vitjinga var eit forsøk på å betra tilhøvet mellom USA og Cuba.

Carter vart i 2002 tildelt Nobels fredspris for arbeidet sitt med å finna fredelege løysingar på internasjonale konfliktar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jimmy Carter
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.