Chu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utbreiinga av Chu-riket kring 260 fvt.

Chu var eit kongerike i Kina over ein periode på ikring 800 år, frå ca 1030 fvt. til 224 fvt. (før vår tidsrekning). Det var eit sjølvstyrande rike som fanst på same tid som Zhou-dynastiet.

Frå kong Wu tidleg i det 8. hundreåret fvt. utropte Chu-herskarane seg til kongar på like fot med Zhou-kongane. I Chu-riket vart det påbyrja ei rad administrative reformer, noko som gjorde at Chu makta å leggje under seg nye landområde under Vår- og haustannaltida. Med framhaldande landerobringar var Chu eit av dei mektigaste kongerika under Krigarrika-tida.

Chu-riket er også kjend som Jing (荆), Jingchu (荆楚) og Shu (舒). Riket omfatta det meste av dagens provinsar Hubei og Hunan, jamsides delar av Chongqing, Guizhou, Henan, Anhui, Jiangxi, Jiangsu, Zhejiang og Shanghai. I meir enn 400 år låg Danyang, hovudstaden i Chu, ved åmotet til elvane Dan og Xi, nær dagens Xichuan.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]