Ciampino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flyfoto av Ciampino

Ciampino er ein by og ein kommune i provinsen Roma i regionen Lazio i Italia. Kommunen har i kring 38 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 13 km².

Ciampino ligg ved foten av Albanarfjella, 18 kilometer søraust for Roma. Kommunen er særleg kjend for den militære flyplassen Giovan Battista Pastine International Airport, til dagleg «Roma Ciampino». Flyplassen har også ein del sivil luftfart, der mestedelen er med såkalla lavkost-selskap. Med byggjinga av flyplassen vaks staden frå 5 000 ibuarar i 1951 til 28 000 tjue år seinare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]