Albanarfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Castel Gandolfo ved Albanosjøen i Albanarfjella

Albanarfjella (italiensk Colli Albani) er ei vulkansk fjellkjede i Italia, om lag 20 km søraust for Roma og om lag 24 km nord for Anzio. Det høgaste fjellet er Monte Cavo på 950 meter over havet. Det er to små kalderaer som inneheld innsjøane Albanosjøen og Nemisjøen. Bergarten i åsane vert kalla peperino (lapis albanus), som er ein spesiell type tuff, ein kombinasjon av oske og småstein som er nytt for bygging og som gjev eit mineralrikt substrat for vindruer.

Romarane kalla fjella Albanus Mons. På toppen låg ein heilagdom for Jupiter. Tempelet finst ikkje lenger i lag, men vegen Via Triumphalis opp til tempelet er framleis synleg.

Av byar og landsbyar i Albanarfjella finn ein:

Vulkansk aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Dei to siste utbrota frå Albanarfjella var for rundt 37 000 til 41 000 år sidan.[1] Området er ofte utsett for små jordskjelv, brady-seismikk og utslepp av karbondioksid og hydrogensulfid i atmosfæren. Dette ser forskarar på som teikn på at eit magmakammer 5-6 km under overflata sakte byggjer seg opp og enkelte meiner at dette kan føre til nye utbrot. [2]. Om så skulle skje vil Roma, som berre ligg 25-30 km unna, ligge i faresonen.

Det er skriftlege kjelder om eit utbrot i 114 f.Kr., men det finst ingen geologiske spor som stadfestar noko slikt[2] og ein meiner at det i staden må ha vore ein stor skogbrann.

Vulkanen slepp ut store mengder karbondioksid. Dette kan potensielt vere dødeleg om ein skulle få store konsentrasjonar i søkk i terrenget ved vindstille vêr. I september 1999 vart 29 kyr kvelt på grunn av store gasskonsentrasjonar på nordvestsida av fjellet.[3] Åtte sauer døydde i ei liknande hending i oktober 2001.[4]

Panorama[endre | endre wikiteksten]

Albanarfjella.
Albanarfjella.
Utsyn over vulkansjøar frå Monte Cavo.
Utsyn over vulkansjøar frå Monte Cavo.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]