Cindrelfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cindrelfjella

Cindrelfjella, Cândrelfjella eller Cibinfjella er ei fjellkjede sentralt i Romania, midt i Dei sørlege Karpatane og nordaust for Parângfjellgruppa.

Frå Det transilvanske platået med høgder mellom 200 og 400 meter over havet i nord og aust, stig Cindrelfjella brått opp gjennom djupe dalar til om lag 900 meter over havet der det ligg nokre landsbyar. Frå her stig fjellet slakt vidare opp til den høgaste toppen på 2244 meter over havet.

Sidan massivet er lett å nå er det etnografiske området Mărginimea Sibiului vorte oppretta rundt fjellet der sauehald og tømmerindustri er dei viktigaste næringane. Langs elvane Cibin og Sadu er det bygd demningar og vasskraftverk. Den eldste av desse er frå 1896. Feriestaden Păltiniş ligg halvvegs mellom landsbyane Răşinari og fjelltoppen Cindrel, med hotel, hytter og ein skibakke. Feriestaden er bygd opp rundt eit lite kloster der den rumenske filosofen Constantin Noica levde dei siste åra sine.

Den største elva som renn frå fjella er Cibin. Mellom Cindrelfjella og Det transilvanske platået dannar elva eit djup søkk kalla Sibiusenkinga, der den største byen i området ligg (Sibiu).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 45°35′N 23°47′E