Sibiu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sibiu
Byvåpenet til Sibiu
Byvåpenet til Sibiu


Plassering
Sibiu is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Sibiu
Grunnlagd 1191
Geografi
Flatevidd
 - By

121 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

154 458
  1 276,5 /km²
Koordinatar 45°47′45″N 24°09′08″EKoordinatar: 45°47′45″N 24°09′08″E
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 550000
Retningsnummer (tlf) +40 02 69
Bilnummer SB
Nettstad: www.sibiu.ro

Sibiu (/si'biw/, tysk Hermannstadt; ungarsk Nagyszeben; jiddisk הערמאנשטאדט (Hermanshtadt) eller סזעבען (Szeben)) er ein av dei største byane i Transilvania i Romania med om lag 150 000 innbyggjarar. Han ligg på begge sider av elva Cibin, ei sideelv til Olt. Han er hovudstad i Sibiu fylke og ligg 282 km nordvest for București.

Han er eit av dei største kultur- og religionssentera i Romania og eit viktig trafikknutepunkt sentralt i landet. Byen var tidlegare senter for transilvanske saksarar fram til den andre verdskrigen.

Sibiu var europeisk kulturhovudstad i 2007 i lag med Luxembourg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gamlebyen i Sibiu
Mange gateskilt i Sibiu er tospråklege (rumensk og tysk)

Byen vart grunnlagd i 1190 av tyske nybyggjarar. Han vart truleg bygd nær ein romerske busetnad som tidleg i mellomalderen heitte Caedonia.

På 1300-talet var byen alt eit viktig handelssenter. I 1376 var handverkarane delt i 19 laug. Sibiu var den viktigaste etnisk tyske byen av dei sju byane som gav Transilvania det tyske namnet Siebenbürgen (som tyder sju byar) og var heimstad for Universitas Saxorum, det tyske rådet i Transilvania. På 1600-talet vart Sibiu rekna for å vere den austlegaste byen som var ein del av Europa, og han var òg den austlege endestasjonen for postrutene frå Europa.

På 1700- og 1800-talet vart byen det viktigaste senteret for transilvanske rumenarar.

Den første rumenskeigde banken hadde hovudkvarteret sitt her (Albina Bank). Etter at den rumensk-ortodokse kyrkja vart godteke av Habsburgmonarkiet frå 1860-åra og utover vart Sibiu sete for metropolittbiskop og byen vert i dag framleis rekna som eit av dei viktigaste sentera for den rumensk-ortodokse kyrkja. Mellom revolusjonane i 1848 og 1867 var Sibiu møtestad for den transilvanske dietten, som oppstod etter at Riket gav regionen stemmerett.

Etter den første verdskrigen, då Austerrike-Ungarn vart oppløyst, vart Sibiu ein del av Romania. Majoriteten av innbyggjarane var rumenske, men byen hadde òg store grupper med tyskarar og ungararar. Frå 1950-åra fram til 1990 reiste dei fleste tyskarane til Tyskland. Om lag 2000 av tyskarane er igjen i byen i dag, mellom anna den noverande borgarmeisteren Klaus Johannis (2008).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Sibiu frå Wikivoyage

Kjelder[endre | endre wikiteksten]