Claes Reimerthi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Claes Reimerthi

Pseudonym Michael Tierres, Frans Möller, Erland Mårtensson
Statsborgarskap Sverige
Fødd 12. januar 1955
Ystad
Død

23. juli 2021 (66 år)
Ystads kommun

Yrke teikneserieteiknar, forfattar

Claes Reimerthi (12. januar 195523. juli 2021) er ein svensk forfattar og teikneserieteoretikar. Han har særleg skrive manus for teikneseriar, som den svenskestyrte produksjonen av Fantomet og sin eigen albumserie Gustaf Vasa. I 2011 debuterte han også som ungdomsbokforfattar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Reimerthi har vore manusforfattar for seriemagasinet Fantomet sidan 1984, saman med blant andre Ulf Granberg og Hans Lindahl. Han har ansvar for den kreative utviklinga til bladet. I åra 2000–03 arbeidde han for King Features Syndicate med å skriva Fantomet-manus til sundagssida.

Reimerthi har arbeidet som manusforfattar for fleire av dei store svenskproduserte seriane som Fantomet (sidan 1984), 91:an og Bamse (sidan 1991), Kerry Drake (1986–1994) og Lilla Fridolf 1991–94. Han har òg laga eigne seriar som Gustaf Vasa (1993–2000), Murphys Lag (1990–91) og Sputnik. På 1980-talet brukte han vanlegvis pseudonymet «Michael Tierres» og tidvis òg av namnet «Frans Möller».

Ungdomsbokforfattar[endre | endre wikiteksten]

I 2011 debuterte Reimerthi i skjønnlitterær prosa med ungdomsromanen Myrddin.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 2001 vann Reimerthi Adamsonstatuetten saman med Hans Lindahl. I 2015 vann han Unghunden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]