Claridge's

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Claridge's
Claridges Hotel - geograph.org.uk - 1064579.jpg
Opna1812
Stilart deco

Claridge's
51°30′45″ N 0°8′51″ W

Claridge's er eit luksushotell i Mayfair i London. Det ligg på hjørnet av Brook Street og Davies Street.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hotellet blei skipa i 1812 som Mivart's Hotel[1] i eit rekkjehus i London, og voks ved å ta over nabohus. I 1854 selde grunnleggjaren (far til biologen St. George Jackson Mivart) hotellet til herr og fru Claridge, som åtte eit mindre nabohotell. Dei slo saman dei to verksemdene, og etter ei tid som «Mivart's at Claridge's» tok dei i bruk det noverande namnet. I 1860 hadde keisarinne Eugenie eit lengre opphald ved hotellet og tok imot dronning Victoria der.

Førsteutgåva av reisehandboka Baedeker frå 1878 omtalte Claridge's som «The first hotel in London».[2]

Aleksandar av Jugoslavia vart fødd 17. juli 1945 i suite 212 på hotellet. I fylgje tradisjonen skal ein framtidig jugoslavisk konge vere fødd i Jugoslavia. Den britiske regjeringa gjorde difor suiten om til eit suverent jugoslavisk territorium i eit døgn. Dimed kunne han få tittelen kronprins av Jugoslavia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Claridges: An opulent hotel where every polished corner tells a story». independent.co.uk (The Independent). 9. desember 2012. Henta 10. desember 2012. 
  2. Louis Gerber (1. september 2004). «Claridge's». Cosmopolis.ch. Henta 10. april 2017.