Victoria av Storbritannia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Victoria
Queen Victoria bw.jpg
Dronning av det britiske samveldet og keisarinne av India
Regjeringstid Britisk dronning frå 20. juni 1837, keisarinne av India frå 1. januar 1877, begge til 22. januar 1901
Fødd 24. mai 1819 i Kensington Palace i London
Død 22. januar 1901 i Osborne House på Isle of Wight
Føregjengar Wilhelm IV
Gift med Albert av Sachsen-Coburg-Gotha
Born  
  1. Victoria (1840-1901)
  2. Edvard VII av Storbritannia) (1841-1910)
  3. Alice (1843-1878)
  4. Alfred, hertug av Edinburgh (1844-1900)
  5. Helena (1846-1923)
  6. Louise (1848-1939)
  7. Arthur, hertug av Connaught (1850-1942)
  8. Leopold, hertug av Albany (1853-1884)
  9. Beatrice (1857-1944)

Alexandrina Victoria (24. mai 181922. januar 1901) av det tyske fyrstehuset Hannover var regjerande dronning av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, med koloniar, i 63 år, sju månadar og to dagar, frå 20. juni 1837 til 22. januar 1901. Tidsrommet er den lengste regjeringstida for nokon britisk monark.

Mektigaste kvinne gjennom tidene[endre | endre wikiteksten]

Av mange er Victoria rekna som den mektigaste kvinna gjennom historia. Etter som det britiske imperiet utvida seg herska ho over om lag lag ein femdel av verda. Victoria sette sterkt preg på 1800-talet. Så sterk innverknad hadde ho at ho har gitt namn til tidsepoken «viktoriatida», av dette kjem igjen uttrykka «viktoriansk» og «viktorianisme».

Victoria på det første frimerket.

Regjeringstida til Victoria var ei stor ekspansjonstid for det britiske imperiet, og var samstundes tida for den industrielle revolusjonen. Storbritannia var i sterk endring sosialt, økonomisk og teknologisk. Oppfinningar frå denne tida er frimerkene og jarnbanen. Dronning Victoria var avbilda på det første frimerket, og var det første statsoverhovudet som reiste med tog.

Tittel og slekt[endre | endre wikiteksten]

Victoria sin fulle tittel som monark var «Victoria, by the Grace of God, of the United Kingdom of Great Britain and Ireland Queen, Defender of the Faith». Omsett til norsk vert det «Victoria, med Guds signing, dronning av det sameinte kongedømet Storbritannia og Irland, forsvarar av trua». Ho hadde frå 1876 òg tittelen «keisarinne av India».

Victoria var den siste britiske monarken av huset Hannover. Etterfylgjaren og sonen kong Edvard VII av Storbritannia høyrde til fyrstehuset Sachsen-Coburg-Gotha. Namnet på fyrstehuset vart i 1917 endra til fyrstehuset Windsor.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Victoria på kroningsdagen

Victoria var fødd som dotter av Edvard August av Hannover, hertug av Kent og prinsesse Victoria av Sachsen-Coburg-Saalfeld. Til ho var tre år tala ho berre tysk, som var morsmålet hennar. Ho fekk deretter undervising i engelsk, og skal seinare òg ha tala fransk, italiensk, gresk og latin.

Då Victoria var ti år døydde onkelen, kong Georg IV av Storbritannia, som var barnlaus. Broren Wilhelm (engelsk: William IV) etterfylgde han på trona. Då heller ikkje han hadde arvingar, vart Victoria tronarving. Mor hennar redd for at nokon skulle finna på å forgifta eller drepa Victoria. Ho ordna med at Victoria aldri gjekk nokon stad utan livvakt, og flytta senga til Victoria inn til sitt eige soverom for å passa på at ingen prøvde å drepa henne om natta.

Som attenåring vart Victoria regjerande monark, etter at onkelen døydde, den 20. juni 1837.

Victoria og Albert[endre | endre wikiteksten]

Bryllaupet til Victoria og Albert

Victoria møtte syskenbarnet sitt, prins Albert av Sachsen-Coburg-Gotha då ho var seksten år gamal. I tillegg til at dei var i familie hadde dei begge kome til verda ved hjelp av same lege, Frau Siebold. Ho spurde han om å gifta seg med henne, noko som var uvanleg for den tida, men han kunne ikkje spørja henne av di ho var dronning. Bryllaupet fann stad den 10. februar 1840. Albert tilhørde det saksiske kongehuset, og Victoria fekk dermed det borgarlege namnet Wettin.

Albert ynskte i fyrstninga å ta del i styringa av riket. Ynsket førde til noko usemje i starten, men etter kvart vart ekteskapet deira særs lukkeleg. Medan Victoria var inderleg glad i sin mann, kan Albert sine kjensler for henne ha vore meir kjølige. Biografar har lansert teoriar om at Albert gifta seg ut frå pliktkjensle. Familiane deira ynskte ekteskap, og det kunne vera bra å vera noko meir enn ein ubetydeleg tysk prins. Sjølv om det kanskje ikkje var like sterk kjærleik frå båe sider, så syrgde Victoria sterkt då Albert døydde i 1861. Ho hadde eit måleri av han i ei kiste ved senga, og brukte berre svarte kléplagg resten av livet. Ho proklamerte at ingen mann på den britiske trona nokonsinne skulle kunna heita Albert.

Sonen, Albert Edvard Prins av Wales, vart krona som Edvard VII og oldebarnet Albert Frederick Arthur George vart krona som kong Georg VI.

Victoria gav prinsen av Wales skulda for at Albert døydde. Ho og Albert såg alltid på han som uskikka til å ta over ansvaret som konge, og lét han ikkje få ei rolle som kunne førebu han på å få makta. Med for mykje fritid vart Edvard ein levemann. Victoria gjekk derimot inn ei evigvarande syrgjetid. På folkemunne var ho kjend som «enkja av Windsor».

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Statue av dronning Victoria i Bristol.

Fleire stader i verda er kalla opp etter Victoria. Det gjeld mellom anna delstaten Victoria i Australia, hovudstadane på Seychellane og i dei kanadiske provinsane British Columbia og Saskatchewan, den største sjøen i Afrika og dei mektige VictoriafallaZambezielva.

Europa si bestemor[endre | endre wikiteksten]

Victoria var kjend som «bestemor til Europa». Alle dei ni borna hennar gifta seg inn i kongelege familiar. Etterfylgjande slekt gifta seg inn i endå fleire kongehus. Spania, Hellas, Sverige, Noreg, Luxembourg, Preussen, Russland, Romania og Jugoslavia har eller har hatt kongehus med slektsaner til Victoria. Etterkomarane hennar som er statsoverhovud i dag (2005) er dei britiske og danske dronningane og dei norske, svenske og spanske kongane.

Dronninga var den første kjende beraren av blødarsjuke, som viste seg hjå fleire av etterkomarane hennar. Det er usikkert kvar dette genet kom frå; kanskje var det ein mutasjon i sæden til far hennar, som var femtito år gammal då ho blei unnfanga, eller det kan ha følgd ei ukjend line frå morssida.

Sonen prins Leopold hadde sjukdommen, medan prinsessene Alice og Beatrice var berarar. Den best kjende etterkomaren hennar som hadde sjukdommen var oldebarnet prins Aleksei av Russland.

Born av dronning Victoria og Prins Albert[endre | endre wikiteksten]

Namn Fødd Døydde Kommentarar
Victoria, prinsesse 21. november 1840 5. august 1901 gift med Friedrich III (1831 - 1888), tysk keisar og konge av Preussen.
Prins Albert Edward, Prins av Wales (seinare Edvard VII) 9. november 1841 6. mai 1910 gift med Alexandra av Danmark (1844 - 1923), eldste dotter av Christian IX av Danmark
Prinsesse Alice 25. april 1843 24. desember 1878 gift med Ludvig IV, storhertug av Hessen og Rhinen (1837-1892)
Prins Alfred, hertug av Edinburgh og seinare regjerande hertug av Saxen-Coburg-Gotha 6. august 1844 31. juli 1900 gift med storhertuginne Maria Alexandrovna av Russland (1853-1920)
Prinsesse Helena 25. mai 1846 9. juni 1923 gift med Prins Christian av Schleswig-Holstein-Sonderburg-Augustenburg (1831-1917)
Prinsesse Louise 18. mars 1848 3. desember 1939 gift med John Campbell, niande hertug av Argyll 1845-1914
Prins Arthur, hertug av Connaught og Stathearn 1. mai 1850 16. januar 1942 gift med prinsesse Louise Marguerite av Preussen (1860-1917)
Prins Leopold, hertug av Albany 7. april 1853 28. mars 1884 gift med Prinsesse Helena av Waldeck og Pyrmont (1861-1922)
Prinsesse Beatrice 14. april 1857 26. oktober 1944 gift med Prins Henrik av Battenberg (1858-1896)