Clark University

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Clark University
JonasClarkBuilding.JPG
Clark University wordmark.svg
Grunnlagt1887
Typeprivat
StadWorcester i Massachusetts
Studentar3 071
Tilsette278
Nettstadwww.clarku.edu

Clark University er eit privat, sjølvstendig universitet i Worcester i delstaten Massachusetts i USA. Det vart grunnlagt i 1887 av industriherren Jonas Clark, og er eit liberal arts-universitet med tungt forskingsfokus. Lærestaden var tidleg ute med forsking og undervisning innanfor psykoanalyse.

Forskingssenter ved Clark University omfattar:

  • William and Jane Mosakowski Institute
  • George Perkins Marsh Institute
  • Strassler Family Center for Holocaust and Genocide Studies
  • Jacob Hiatt Center for Urban Education
  • Center for Risk and Security (CRS)
  • Center for Technology, Environment and Development (CENTED)
  • Center for Community-Based Development (CCBD)
  • Clark Labs for Cartographic Technologies and Geographic Analysis

Ved Clark var det 3 071 studentar og 278 vitskapleg tilsette i 2006. Same år var skulepengane 31 456 US-dollar for alle studentar som er folkeregistrert i USA. Studiane vert gjevne opp til doktorgradsnivå.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]