Claves

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Claves
Playingclaves.jpg
KlassifiseringPerkusjon
Hornbostel-Sachs klassifisering111.11

Claves, clave eller pinnar er eit perkusjonsinstrument danna av to sylinderforma trestykke som vanlegvis er hole. Desse slår ein mot kvarandre, og oppnår ein skarp og klikkande lyd. Claves er særleg vanlege i kubansk musikk. Namnet claves, eintal clave, kjem av latin for 'nøkkel'.

Claves-mønster.

I fleire typar kubansk populærmusikk, som son, cha-cha-cha og rumba, bruker ein claves til å spela ein rytmefigur (som også blir kalla claves) over to taktar som dannar grunnlaget for musikken. Instrumentet blir også brukt i vestleg populær- og kunstmusikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Claves». Store norske leksikon. 14. februar 2009.