Hornbostel-Sachs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hornbostel-Sachs (eller Sachs-Hornbostel) er eit system for klassifisering av musikkinstrument uttenkt av Erich Moritz von Hornbostel og Curt Sachs og fyrste gong offentleggjort i tidsskriftet Zeitschrift für Musik i 1914. Ei engelsk omsetjing blei publisert i Galpin Society Journal i 1961. Det er det føretrekte instrumentklassifiseringssystemet for musikketnologar og organologar (personar som studerer musikkinstrument).

Systemet er basert på eit anna som blei utvikla seint på attenhundretalet av Victor Mahillon, kuratoren ved Brussels konservatoriums musikkinstrumentsamling. Mahillons system var eit av de fyrste som utførte klassifisering etter kva som vibrerte i instrumentet for å skapa lyden, men var avgrensa, stort sett, til vestlege instrument som blei nytta i europeisk klassisk musikk. Sachs-Hornbostel-systemet er ei utviding av Mahillons på den måten av det er mogleg å klassifisera eit kvart instrument frå kva slags kultur som helst med det.

Rammeverk[endre | endre wikiteksten]

Formelt er Sachs-Hornbostel basert på Deweys desimalklassifikasjon. Det har fire toppnivå og fleire undernivå under kvart av dei. Til saman innehar hierarkiet 300 grunnleggende kategoriar. Forklaring på dei to øvste nivåa i systemet blir vist nedanfor:

  • 1. Idiofonar - lyd blir primært produsert ved at sjølve instrumentkroppen vibrerer i staden for ein streng, membran eller luftkolonne. I hovudsak inkluderer denne gruppa alle perkusjonsinstrument utanom trommer samt ein del andre instrument.
    • 11. Slagidiofonar - idiofonar som blir sett i vibrasjon ved å bli slått på, for eksempel cymbalar eller xylofonar.
    • 12. Plukka idiofonar - idiofonar som blir sett i vibrasjon gjennom å bli plukka på med fingrane, for eksempel munnharpe eller mbira
    • 13. Friksjonsidiofonar - idiofonar som blir gnidd, for eksempel spikerfiolin, eit bueinstrument med solide stykke av metall eller tre i staden for strenger.
    • 14. Blåseidiofonar - idiofonar som blir sett i vibrasjon av rørsla i lufta, for eksempel aeolsklaver, eit instrument som består av ei rekkje trestykke som vibrerer når luft blir blåst på dei frå eit sett med belgar.
  • 2. Membranofonar - lydar blir primært laga av vibrasjonen av ein stram membran. Denne gruppa inkluderer alle trommer og kazooar.
    • 21. Slagtrommer - instrument som har ein membran som blir slått. Dette inkluderer dei fleste trommetypar, slik som pauke og skarptromme.
    • 22. Plukka trommer - desse er trommer med ein knytt streng festa til membranen. Når strengen blir plukka, blir vibrasjonen overført til membranen som vibrerer slik at lyd blir produsert. Nokre typar av indiske trommer er slik. Enkelte kommentatorar er av den oppfatning at instrumenta i denne klassen burde bli sett på som kordofonar (sjå under).
    • 23. Friksjonstrommer - trommer som blir gnidd, enten med handa, ei stikke eller noko anna, framfor å bli slått.
    • 24. Sjølvklingande membranar - denne gruppa inkluderer kazooar, instrument som ikkje lagar sin eigen lyd, men modifiserer andre lydar via ein vibrerande membran.
  • 3. Kordofonar - lyd blir primært produsert gjennom vibrasjonen til ein eller fleire strenger. Denne gruppa inkluderer alle instrument som generelt blir omtalte som strengeinstrument i vesten, og i tillegg mange (men ikkje alle) tangentinstrumenta, som piano og harpsikordar.
    • 31. Enkle kordofonar - instrumenter som eigentleg berre består av ein streng og ein strengeberar. Desse instrumenta kan ha ein klangboks, men dersom han blir fjerna, blir instrumentet umogleg å spela på (sjølv om det kan gi ein ganske forskjellig lyd). Dei inkluderer derfor piano og dessuten siterar, musikkbogen og ulike typar ikkje-vestlege harper.
    • 32. Samansette kordofonar - akustiske og elektroakustiske instrumenter som har klangboks som integrert del av instrumentet, og elektriske kordofonar med kompakt instrumentkropp. Dette inkluderer dei fleste vestlege strengeinstrument, slik som fioliner, gitarer og orkester-harpa.
  • 4. Aerofonar - lyden blir primært laga av vibrerande luft. Instrumentet vibrerer ikkje sjølv, og det er ingen strenger eller membranar.
    • 41. Frie aerofonar - instrument der den vibrerande lufta ikkje er omslutta av sjølve instrumentet. For eksempel eit gamalt bilhorn eller ein brummar.
    • 42. Blåseinstrument - instrument der vibrerande luft blir omslutta av instrumentet. Denne gruppa inkluderer dei fleste av instrumenta som blir kalla blåseintrument i vesten, slik som fløyte eller valthorn, og i tillegg mange andre slags instrument slik som konkylier.

Ei femte toppnivå-gruppe, elektrofonar er instrument som lagar lyd primært gjennom elektrisk drivne oscillatorar, slik som theremin eller synthesizerar, som kom til sidan. Sachs sjølv, virkar det som, aksepterte at ei slik separat gruppa finst i boka si The History of Musical Instruments frå 1940, der han er oppført uformelt på same nivå som dei fire hovedklassifikasjonane. Det verkar derimot ikkje som om det eksisterer nokon offisiell tilvisning til ei korrekt klassifisering av elektrofonane med numeriske underkategoriar, og den originale versjonen frå 1914 nemner ikkje elektrofonar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]