Club Alpino Italiano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logoen til Club Alpino Italiano.

Club Alpino Italiano (CAI) er den eldste og største organisasjonen i Italia for alpinklatring og andre aktivitetar, forsking og kunnskapsformidling knytt til fjell.

Han blei oppretta i Torino i 1863 i høve ei klatring av Viso av klatreleiaren Quintino Sella, som også blei den første presidenten for klubben. Sella var då også finansminister i Italia.

CAI er grunnleggjande medlem av den internasjonale klatreorganisasjonen UIAA og av Club Arc Alpin (CAA).

I desember 2011 hadde klubben over 319 000 medlemmer fordelt på over 400 avdelingar og 300 undergrupper. Han disponerer over 700 redningshytter og over 400 alpinistbivuakkar i Alpane og Apenninane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]