Viso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viso
fjell
Monviso da Rocca La Meja.jpg
Viso sett frå nordaust
Land Flag of Italy.svg Italia
Fjellkjede Kottialpane
Høgd 3 841 moh.
Primærfaktor 1 779 m
Førstestiging William Mathews, Frederick Jacomb,
Michel Croz og Jean Baptiste Croz
 - dato 30. august 1861
Koordinatar 44°40′4″N 7°5′20″EKoordinatar: 44°40′4″N 7°5′20″E

Viso
44°40′3″ N 7°5′30″ E
Wikimedia Commons: Monte Viso

Viso (piemontesisk) eller Monviso (italiensk) er ein 3 842 meter over havet høg fjelltopp i Kottialpane i Italia, nær grensa mot Frankrike. Fjellet er det høgste i denne delen av Alpane, og den sørlegaste av fjelltoppane som når 3 500 meter over havet. Kjeldene til elva Po ligg ved foten av Viso.

Sommaren 1861 steig eit klatrelag på fire mann; William Mathews, Frederick Jacomb, Michel Croz og Jean Baptiste Croz, til topps som dei fyrste menneska.

Den romerske forfattaren Vergil nemner Viso i sin versjon av eposet Æneiden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]