Codex Argenteus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Side frå Markusevangeliet i Codex Argentus.

Codex Argenteus eller Sølvbibelen er eit manuskript frå 500-talet som inneheld ei gotisk omsetjing av Bibelen frå 300-talet.[1] Omsetjaren var den lærde skribenten Wulfila eller Ulfilas, som er rekna som misjonær for gotarane. Teksta er det mest omfattande attverande dømet på gotisk som finst..[2]

Bibelutgåva finst berre i fragment. Av dei oppahavlege 336 folioane er det bevart 188, medrekna Speyer-fragmentet som blei oppdaga i 1970. Ein del av Sølvbibelen er permanent utstilt ved Carolina Rediviva, universitetsbiblioteket ved Uppsala universitet i Sverige. Det meste som er att er frå det nye testamentet. Her finn ein tekstbrot frå evangelia og ei rekkje av breva.

Bibelen som no er i Uppsala blei skriven i Nord-Italia på 500-talet, truleg i Ravenna for den austgotiske kongen Teoderik den store. Han er skriven i ei gotisk uncialskrift (ei skrift med berre store bokstavar) som skal ha blitt skapt av Wulfilas. Boka er rekna som det viktigaste kjeldeskriftet til kunnskap om gamal gotisk. Codex Argenteus er ført opp på Sveriges liste over verdsminne.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bruce M. Metzger, The Early Versions of the New Testament, Oxford University Press 1977, s. 378.
  2. 2,0 2,1 «Memory of the World: Codex Argenteus – the ‘Silver Bible’». UNESCO (på engelsk). Henta 5. mars 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Codex Argenteus