Gotisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gotisk
*Gutisko razda
Klassifisering Indoeuropeisk
germansk
austgermansk
Talarar Gotarar
Bruk
Tala i (utdøydd)
Område (utdøydd)
Gotisktalande i alt (utdøydd)
Rangering (utdøydd)
Skriftsystem det gotiske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i Gotarar
Språkkodar
ISO 639-2 got
ISO 639-3 got
Glottolog goth1244

Gotisk (på gotisk *gutisko razda) er eit austgermansk språk som vart snakka av gotarane, og takk vere Wulfilas bibel er det det eldste germanske språket vi har dokumentert.

Gotisk skil seg frå anna germansk først og fremst fordi endingsvokalen ved a- og i-stammane fell ut (hos den siste berre ved føregåande lang vokal). Slik vart til dømes germansk *stainaz gotisk stains (stein) og germansk *gastiz det gotiske ordet gasts (gjest).

Historie[endre | endre wikiteksten]

I det 4. hundreåret omsette den gotiske biskopen Wulfila bibelen til gotisk (Wulfilabibelen). I tillegg til Wulfilabibelen finst det berre nokre få andre kjelder til gotisk språk, nemleg eit par runeinnskrifter, bibeltolkingane Skeireins, eit fragment av ein kalender, og austgotiske kjelder frå det 6. hundreåret.

Etter slutten på det austgotiske riket i Italia 493-555 og det vestgotiske riket i Spania 466-711 gjekk au det gotiske språket mesta heilt tapt. I Spania var det alt sidan det gotiske herskarsjiktet på 2-3 % av folket gjekk over frå arianismen til katolisismen mykje blanding mellom folkegruppene - det vil seie romanske, gotiske og svebiske menneske, og attåt dei, au romaniserte keltarar. Dette var under kong Rekkared I, som regjerte frå 586 til 601, og da gjekk bruken av gotisk tilbake, til fordel for gammalspansk omgangsspråk.

Berre på halvøya Krim, blant den delen av austgotarane som hadde vorte att der, dei seinare krimgotarane, kunne det krimgotiske språket halde seg, frå innvandringa i det 3. hunderåret etter vår tidsrekning heilt til omkring år 1800, da det vart trengt bort av tatarspråket. Samanhengar mellom gotisk og skandinavisk er omstridde, sjølv om den gotiske folkestammen som regel blir rekna å koma frå Sør-Sverige. Men det finst påfallande likskapar med gotisk i den svenske ordskatten, særleg den dialekten dei talar på Gotland, gutamål.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Gotisk har dei same fire kasus som tysk, nemleg nominativ, genitiv, dativ og akkusativ. I visse former finst også eit femte kasus, vokativ, men som regel er vokativ og nominativ identiske. Gotisk hadde to tempora (fortid og ikkje-fortid) og tre numerus singular, plural og dual. Dual eksisterte rett nok berre i pronomen- og verbbøyinga.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Gotisk hadde desse korte vokalane:

  • /ĭ/ <i>
  • /ĕ/ <ai>
  • /ŭ/ <u>
  • /ŏ/ <au>
  • /ă/ <a>.

Del lange vokalane var:

  • /ī/ <ei>
  • /ē/ <e>
  • /ū/ <u>
  • /ō/ <o>
  • /ā/ <a>.

Av dei urgermanske diftongane hadde gotisk berre desse:

  • /iu/ <iu>

Fonologisk skilde gotisk seg langt mindre frå urgermansk enn det dei andre gammalgermanske språka gjorde. Delvis heng dette også saman med at kjeldene til gotisk er over 300 år eldre enn andre kjelder.

Det handlar om følgjande lyd-lover:

  • germ. ĕ > got. ĭ (au i diftong /eu/ > /iu/)
  • germ. /ĭ/ und /ĕ/ bryt framom r, h og ƕ; til /ĕ/, eller /ŏ/.
  • Utlydforsterking
  • Forsterking

Orddanning[endre | endre wikiteksten]

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Syntaks[endre | endre wikiteksten]

Verb[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste gotiske verba blir bøygde etter det såkalla urindogermanske prinsippet, «tematisk» bøying, der ein vokal som er rekonstruert av dei urindogermanske fonema *e eller *o blir lagd til mellom rota og suffikset. Den andre, den «atematiske» bøyinga der vokalen blir lagd direkte til rota, finn ein i gotisk, som i latin eller gresk, berre ein sjeldan gong – det einaste dømet på atematisk bøying er det engelske verbet to be og det latinske esse, som båe betyr 'å vera'. På gresk, sanskrit og mange andre indogermanske språk au er dei skylde orda atematiske.

Gotiske verb er, til liks med substantiv og adjektiv, anten «linne» eller «sterke». Linne verb har preteritumsforma -da eller -ta, i motsetnad til preteritumsformene / -t. Som i moderne germanske språk tek sterke verb omlyd, medan dei linne ikkje gjer det.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Gotisk:
Atta unsar, þu in himinam, weihnai namo þein. Qimai þiudinassus þeins. Wairþai wilja þeins, swe in himina jah ana airþai. Hlaif unsarana þana sinteinan gif uns himma daga. Jah aflet uns þatei skulans sijaima, swaswe jah weis afletam þaim skulam unsaraim. Jah ni briggais uns in fraistubnjai, ak lausei uns af þamma ubilin. Unte þeina ist þiudangardi jah mahts jah wulþus in aiwins.

(þ blir uttala som engelsk ustemt th)

Ei omsetjing til moderne høgtysk:
Vater unser, du im Himmel, geweiht (sei) dein Name. Komme dein Reich. Werde dein Wille, so wie im Himmel auch auf der Erde. Unseren Laib (Brot), den täglichen, gib uns heute. Auch vergib uns, (für den Fall) dass wir Schuldner seien, so wie auch wir vergeben unseren Schuldnern. Und bringe uns nicht in Versuchung, aber (er-)löse uns von dem Übel. Denn dein ist das Königreich und die Macht und die Herrlichkeit in Ewig(-keit).

Ei omsetjing til nynorsk av E. Outzen:

Far vår, du i himmelen, heilagt vere namnet ditt. Kome riket ditt. Verte viljen din, så i himmelen og au på jorda. Brødleiven vår, den daglege, gjev oss i dag. Tilgjev oss au om vi er skyldnarar, slik vi au tilgjev skyldnarane våre. Og ikkje bring oss i freisting, men løys oss frå det vonde. For di er verda og makta og æra i æva.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipediagotisk

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.