Colmarskatten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gifteringen frå Colmarskatten.
Spenne frå Colmarskatten.

Colmarskatten er er ei samling verdigjenstander som blei skjulte av jødar i Det tysk-romerske riket under jødeforfølgingane under svartedauden.

Skatten blei funnen i 1863 i veggen til eit hus i den mellomalderske rue des Juifs i Colmar i Alsace. Ein trut at nokre av gjenstandane blei selde av oppdagarane før det fulle omfanget av skatten kunne registrerast. Dei fleste skattane som er att er tilhøyrer samlingane til Musée de Cluny, med eit par gjenstandar i Unterlinden Museum. Skatten blei stilt ut i Colmar i 1999.[1]

Skatten omfattar eit av dei få overlevande eksemplara av ein jødisk giftering, pryda med ein liten bygning i staden for ein smykkestein, for å følgja kravet i jødisk lov om at gifteringar skulle lagast som eitt stykke. Bygningen har den hebraiske innskrifta «mazel tov», ‘til lukke’.[2]

Skatten omfatta også sølvmyntar, sølvbestikk og gull- og sølvsmykke, mellom anna forseggjorte beltespenner og femten sølvringar.[3]

I 2019 blei skatten stilt ut ved å The Cloisters, ein del av Metropolitan Museum of Art i New York.[4][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Treasures of the plague: Marian Campbell describes a remarkable discovery that throws a tragic light on Jewish life in 14th-century Europe, Sept, 2007, Marian Campbell, Apollo
  2. «Story of the Colmar Treasure», The Metropolitan Museum of Art, henta 8. juli 2023 
  3. In Laudem Hierosolymitani: Studies in Crusades and Medieval Culture in Honour of Benjamin Z. Kedar, by Iris Shagrir, Ronnie Ellenblum, Jonathan Simon Christopher Riley-Smith, Jonathan Riley-Smith, B. Z. Ḳedar Contributor Iris Shagrir, Ronnie Ellenblum, Jonathan Riley-Smith, Ashgate Publishing, Ltd., 2007, p. 277 ff.
  4. «The Colmar Treasure: A Medieval Jewish Legacy». 
  5. Prince, Cathryn J. «Medieval jewels hidden by Jews during Black Death on show at NY Met Cloisters». www.timesofisrael.com (på engelsk). Henta 3. november 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Colmarskatten