Colmar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Colmar
Petite Venise
Petite Venise
Petite Venise
Byvåpenet til Colmar
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Alsace
Haut-Rhin
Geografi
Flatevidd 66,57 km²
Flatevidd
 - By

66,57 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

65 136
  978/km²
Koordinatar 48°04′54″N 07°21′20″EKoordinatar: 48°04′54″N 07°21′20″E
Høgd over havet 197 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: www.ville-colmar.fr
Plassering
Plassering av Colmar
Plassering av Colmar

Colmar er ein by og kommune aust i Frankrike. Han er préfecture (hovudstad) i departementet Haut-Rhin i regionen Alsace. I 1999 hadde Colmar 65 136 innbyggjarar. Colmar er òg den største byen i arrondisementet Colmar, som har 86 832 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Colmar vart grunnlagd på 800-talet. Det var her Karl den feite heldt ein riksdag i 884. Colmar fekk status som fri keisarby i Det heilage tysk-romerske riket i 1226. Under Trettiårskrigen vart byen teken av den svenske hæren i 1632, som heldt byen i to år. Byen vart erobra av Frankrike under Louis XIV i 1697.

I lag med resten av Alsace vart Colmar gjeven tilbake til Tyskland i 1871, som eit resultat av den fransk-prøyssiske krigen, men vart igjen fransk etter den første verdskrigen. Nazi-Tyskland annekterte igjen området i 1940, før Frankrike igjen fekk kontroll etter slaget ved «Colmar-lommen» i 1945.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Colmar ligg 64 km sørvest for Strasbourg ved elva Lauch. Han er forbunden med elva Rhinen via ein kanal.

Med ein årleg nedbørsnormal på berre 530 mm er Colmar den tørraste byen i Frankrike. Dette kjem av at byen ligg like aust for fjellkjeda Vogesane. Sidan vestavinden er dominerande i Nord-Frankrike, fell det meste av nedbøren på vestsida av Vogesane, medan austsida og Colmar vert liggande i regnskuggen. Det solrike mikroklimaet gjer staden ideell for vinproduksjon, som området er kjent for.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Colmar