Colour My World av Petula Clark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Colour My World
Singel av Petula Clark
frå albumet Colour My World
B-side

«I'm Begging You (Take Me Home Again)»

Språk engelsk
Utgjeve Desember 1966
Innspelt 1966
Sjanger pop,
Lengd 2:51
Selskap Pye 7N 17218 (Storbritannia)
Warner Bros. 5882 (USA)
Vogue DV 14609 (GER)
Vogue STU 44460 (DEN)
Vogue VN 1004 (NOR)
Komponist Tony Hatch, Jackie Trent
Tekstforfattar Tony Hatch, Jackie Trent
Låtskrivar(ar) Tony Hatch, Jackie Trent
Produsent Tony Hatch
Petula Clark-kronologi 
«Who Am I?»
(1966)
Colour My World «This Is My Song»
(1967)


«Colour My World» er ein song skriven av Tony Hatch og Jackie Trent spelt inn av Petula Clark i 1966.

Songen følgde den same hitformelen som Hatch hadde nytta på tidlegare songar for Clark, og var særleg lik «My Love» frå 1965, men var oppdatert med lyden av ein sitar.

Songen var spelt inn i New York City,[1] og kom ut på singel i desember 1966 i eit forsøk på å gjere det betre enn den skuffande førre singelen, «Who Am I?», som ikkje nådde Topp 20 i USA. Det var òg den første singelen hennar i Sstorbritannia som ikkje gjekk inn på Topp 50 der sidan 1964. «Colour My World» nådde 16. plassen på den amerikanske sinellista og nådde topp 10 i Australia, men berre 52. plassen i Storbritannia.

I 1972 vart songen ein countryhit for Barbara Fairchild som nådde 32. plassen på countrylista i USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Big Jim Sullivan - The Hits». Overzeal.co.uk. Arkivert frå originalen 5. oktober 2013. Henta 3. april 2018.