My Love av Petula Clark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
My Love
Singel av Petula Clark
frå albumet My Love
B-side «Where Am I Going?»
Utgjeve Desember 1965
Innspelt 1965
Sjanger Pop
Lengd 2:43
Selskap Pye 7N 17038 (Storbritannia)
Warner Bros. 5684 (USA)
Vogue STU 42234 (DEN)
Låtskrivar(ar) Tony Hatch
Produsent Tony Hatch
Petula Clark-kronologi
«Round Every Corner»
(USA 1965)
«You're the One»
(UK 1965)
My Love «A Sign of the Times»
(1966)


«My Love» er ein song frå 1965 av Petula Clark som tidleg i 1966 vart ein internasjonal hit. Han nådde toppen av hitlista i USA. Songen var skriven og innspelinga produsert av Tony Hatch.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tony Hatch skreiv ferdig songen i november 1965 på ein flytur frå London til Los Angeles. «My Love» vart spelt inn i Western Studios[1] med The Wrecking Crew som akkompagnement.[2] Petula Clark fortalte: «Me spelte inn tre songar den dagen...Eg likte dei to andre godt, men eg likte verkeleg ikkje 'My Love'...Eg syns han var for ordinær. Eg hadde blitt så vant til desse vedunderlege songane til Tony med desse forskjellige stemningane og eg syntest 'My Love' vart litt flat.»[3] Clark hadde så prøvd å få Warner Bros. til å la vere å gje ut denne songen, men dei bad ho stole på dei.[3]

«My Love» vart valt ut som singel og Clark gjekk igjen til topps på den amerikanske singellista, for første gongen sidan gjennombrotet hennar med «Downtown». «My Love» låg 13 veker på Billboard Hot 100 og nådde toppen den 5. februar 1966,[4] der han låg i to veker.[5] Dette gjorde Clark til den første kvinnelege, britiske artisten som hadde to førsteplassar i USA.[6] Songen gjekk òg til topps i Canada på «RPM Play Sheet»-lista,[7] «My Love» gjekk høgt på den britiske Record Retailer-lista for første gongen sidan «Downtown» gjorde det same to år tidlegare og nåddde fjerdeplassen i mars 1966.[8] I Storbritannia selde singelen til sølvlate for 200 000 selde eksemplar.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966) Plassering
Australia[9] 4
Canada (RPM Play Sheet)[7] 1
Danmark[10] ≥9
Flandern[11] 14
Tyskland[11] 13
Irland (IRMA)[12] 6
Malaysia[13] 4
Nederland (Parool Top 20)[14] 11
Nederland (Veronica Top 40)[15] 13
New Zealand Listener[16] 6
Singapore[17] 1
Sør-Afrika[17] 6
Sveits[18] ≥8
UK New Musical Express[19] 4
UK Record Retailer[8] 4
US Billboard Hot 100[4] 1
US Billboard Easy Listening[20][21] 4
US Record World 100 Top Pops[22] 1
Vallonia[23] 35

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Ei norsk utgåve kalla «Det er så lett å leve livet» vart spelt inn i 1966 av Vigdis Mostad, og ei svensk utgåve kalla «Det är så lätt att leva livet» vart sungen av Gitte Haenning og ei finsk utgåve kalla «Rakkauteni» vart sungen av Hannele Laaksonen. «Rakkauteni» vart òg spelt inn av Laila Kinnunen.
  • Mrs. Miller spelte inn songen i 1966 på debutalbumet hennar.
  • John Davidson spelte inn songen i 1966 for albumet sitt Time of My Life!.
  • Albumet Pet Project av Bob Florence Big Band frå 1967 inneheld ein instrumentalversjon av «My Love».
  • Sonny James spelte «My Love» i 1970. Versjonen hans nådde toppen av Billboard Hot Country Singles-lista.[24] Ein annan countryversjon vart spelt inn av Barbara Fairchild same året.
  • Nancy Boyd song «My Love» i 1987 på albumet hennar Let's Hang On.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Archived copy». Arkivert frå originalen 2010-02-10. Henta 3. april 2018. 
  2. Hal Blaine, David Goggin (1990). Hal Blaine & the Wrecking Crew (1st US utg.). Mixbooks. s. XVII. ISBN 0-918371-01-5. 
  3. 3,0 3,1 «Petula Clark». Songfacts.com. Henta 3. april 2018. 
  4. 4,0 4,1 Hot 100 - Petula Clark My Love Chart History, Billboard.com. Henta 3. april 2018.
  5. «Billboard Hot 100», Billboard, 26. februar 1966. Henta 3. april 2018.
  6. Bronson, Fred (2003). The Billboard Book of Number 1 Hits. New York: Billboard Books. s. 192. ISBN 0823076776. Henta 10. juli 2012. 
  7. 7,0 7,1 «R.P.M. Play Sheet», RPM Weekly, Volume 4, No. 25, 14. februar 1966. Henta 3. april 2018.
  8. 8,0 8,1 Petula Clark - Full Official Chart History, Official Charts Company. Henta 3. april 2018.
  9. «Hits of the World», Billboard, 26. mars 1966. p. 38. Henta 17. mars 2018.
  10. «Hits of the World», Billboard, 14. mai 1966. p. 36. Henta 18. mars 2018.
  11. 11,0 11,1 Petula Clark – My Love, Ultratop. Henta 17. mars 2018.
  12. "The Irish Charts – Search Results – Petula Clark". Irish Singles Chart. Retrieved 17. mars 2018.
  13. «Hits of the World», Billboard, 4. juni 1966. p. 46. Henta 18. mars 2018.
  14. Petula Clark – My Love, Dutch Charts. Henta 17. mars 2018.
  15. Petula Clark – My Love, Media Markt Top 40. Henta 17. mars 2018.
  16. «NZ Listener chart summary», Flavour of New Zealand. Henta 17. mars 2018.
  17. 17,0 17,1 «Hits of the World», Billboard, 30. april 1966. p. 48. Henta 17. mars 2018.
  18. «Hits of the World», Billboard, 9. april 1966. p. 54. Henta 18. mars 2018.
  19. «Hits of the World», Billboard, 12. mars 1966. p. 40. Henta 18. mars 2018.
  20. Adult Contemporary - Petula Clark My Love Chart History, Billboard.com. Henta 17. mars 2018.
  21. «Billboard Top 40 Easy Listening», Billboard, 12. februar 1966. p. 16. Henta 3. april 2018.
  22. «100 Top Pops», Record World, 19. februar 1966. Henta 18. mars 2018.
  23. Ultratop Singles 07/05/1966, Ultratop. Retrieved March 2, 2018.
  24. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 172. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]