Computer Entertainment Rating Organization

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Logoen til CERO
Spel som inneheld kjærleik eller romantikk blir merkte med to hjarte på omslaget

Computer Entertainment Rating Organization (特定非営利活動法人 コンピュータエンターテインメントレーティング機構) (forkorta CERO) er ein japansk organisasjon med hovudkvarter i Tokyo som set aldersmerke på dataspel til spelekonsollar i Japan. Organisasjonen vart grunnlagt i 2002 som ein del av Computer Entertainment Supplier's Association og vart offisielt ein ideell organisasjon i 2003. Dataspel som kjem ut på datamaskinar i Japan blir aldersmerkte av ein annan organisasjon, Ethics Organization of Computer Software (EOCS).

CERO bruker fem etikettar for å merkja dataspel etter kva aldersgruppe dei kan eigna seg for:

CERO A.svg
CERO B.svg
CERO C.svg
CERO D.svg
CERO Z.svg

A er den lågaste aldersgrensa og gjeld spel som eignar seg for alle aldrar. B eignar seg for tolvårige og eldre, C eignar seg for femtenårige og eldre og D eignar seg for syttenårige og eldre. Z er den strengaste og svarar til ei aldersgrense på 18 år. Dataspel med denne aldersmerkinga kan ikkje kjøpast av mindreårige. CERO brukar også ymse symbol som skal informera om spesifikt innhald ein kan venta å finna i eit spel, til dømes vald, sex, kriminalitet eller grovt språk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]