Dataspel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pong er eitt av dei første dataspela som nådde ålmenn suksess.

Dataspel er program som blir køyrde på ei datamaskin, anten ein personleg datamaskin eller ei dedikert spelemaskin. Det finst også spel som inneheld både elektroniske og mekaniske komponentar, til dømes ein del speleautomatar som inneheld både fysiske kuler og avansert elektronikk.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Dei første kommersielle elektroniske spela var speleautomatar, oftast plassert i barar eller tivoli. Pong, eit stilisert bordtennis-spel som to personar kunne spele mot kvarandre, var det første som hadde ein grad av kommersiell suksess. Spelet vart lansert 1972 av det nyetablerte Atari, og i 1975 lanserte Atari Pong som den første elektroniske spelemaskina for bruk heime. Maskinen bestod av ein konsoll med to styrestikker som vart kopla til fjernsynsapparatet, og vart ein salssuksess.

Rundt 1980 kom dei første heimedatamaskinene på marknaden, noko som førde til eit sterkt oppsving i marknaden for elektroniske spel. Atari og Commodore, og noko seinare Apple, var blant dei fremste produsentane. Omtrent samstundes byrja Nintendo å produsere dei første handhaldne elektroniske spela, Game&Watch, som var små og billige og som også vart svært populære.

Nintendo vart ein av dei dominerande aktøane på marknaden for elektroniske spel med spelemaskina Nintendo Entertainment System (NES), som vart lansert i USA 1985. Super Mario Brothers var med på å gjere Nintendo til marknadsleiar innan spelkonsollar, ein posisjon som ikkje vart truga før Sony lanserte sin PlayStation ti år seinare.

Dataspel utstilde i butikkhyller i Sveits

Mellom 1995 og 2003 vart det selt over 350 millionar spelemaskiner i verda. Saman med eksplosjonen i marknaden for heimedatamaskiner har dette ført til at spelindustrien på byrjinga av 2000-talet er vorte større enn filmindustrien, mæla i omsetjing.

Spel- og filmindustrien har sterk gjensidig innverknad på kvarandre. Elektroniske spel basert på populære filmar er eit viktig segment av marknaden, og spela blir gjerne lansert samtidig med filmen, for å utnytte marknadsføringa maksimalt. I enkelte tilfelle inneheld spela handling og dialog som supplerer filmen og er spelt inn samtidig, slik at ein nærmast kan sjå på spelet som ein del av filmen. Ei interessant utvikling er det at innverknaden no også går den andre vegen, og at det har blitt produsert fleire filmar basert på populære dataspel. Tomb Raider og Final Fantasy er kanskje dei mest kjente døma på dette.

Teknologiar[endre | endre wikiteksten]

Speleautomatar (eng. arcade games) er den eldste forma for elektroniske spel. Mange maskiner inneheld dei same spela som er tilgjengelege på heimedatamaskiner og konsollar, mange med avansert ekstrautstyr som realistiske handvåpen til å «skyte» på skjermen med, eller ratt eller stikke for å styre bil- og flyspel. Tradisjonelle flipparspel er no gjerne delvis elektroniske, det same gjeld pengespelautomatar (som einarma bandittar).

Spel som blir spelte på ei vanleg heimedatamaskin («PC-spel») er primært tilpassa å bli spelte med tastatur og mus, men det er også mogleg å kjøpe ekstra styreutstyr som styrestikke (joystick) eller ratt for å gi ei betre og meir realistisk oppleving av spela. Mange PC-spel frå dei seinare åra kan bli spelte av fleire brukarar, anten med fleire PC-ar kopla i eit lokalt nettverk, eller via Internett. Moderne heimedatamaskiner har stor kapasitet som kan utnyttast til spelbruk, samtidig som nye spel søkjer å utnytte den tilgjengelege kapasiteten til kvar ei tid, og denne vekselverknaden er med på å akselerere utviklinga i kapasitet og snøggleik på datamaskiner.

Konsollar (spelekonsollar) er datamaskiner som er dedikert til spelbruk, slik at all kapasitet er optimalisert med tanke på å spele spel. Det gjer at sjølve maskinene er vesentleg billigare i kjøp enn ein PC. Ettersom det vanlegvis går etter måten lang tid mellom nye versjonar av ein spelekonsoll, vil det i årevis vere mogleg å spele dei nyaste spela, mens ein PC ofte må oppgraderast for å vere i stand til å vise dei nyaste spela. Døme på spelmaskiner av denne typen er PlayStation (frå Sony), Wii (frå Nintendo) og Xbox (frå Microsoft) Dei handhaldne spelekonsollane (som GameBoyen til Nintendo) har innebygd skjerm, slik at dei er fullt portable og ikkje avhengige av eit fjernsynsapparat. Dette har gjort dei særleg populære for hjå barn.

Elektronisk utstyr som mobiltelefonar, musikkspelarar og elektroniske avtalebøker kjem gjerne med spel installert. Det er ofte automatklassikarar som Tetris eller Break-out, eller kabalar.

Reine online-spel er ein kategori for seg sølv, og femner alt av spel som blir spelt over nettet. Speltenarar for mellom anna sjakk eller backgammon, der spelarar frå ulike land kan spel mot kvarandre, og der poeng og rangering blir haldne styr på av tenaren, har vore populære i årevis. Ein annan type online-spel er MUDs, eller Multi User Dungeon, som er eventyrspel med som tillét ei uavgrensa mengd deltakarar som kan kople seg på og interagere med kvarandre. MUDs er tekstbaserte og går ut på å «snakke» med dei andre brukarane, og mange av dei grensar opp mot online-chatting og andre diskusjonsfora på nettet.

Aldersgrenser og sensur[endre | endre wikiteksten]

ESRB[endre | endre wikiteksten]

Entertainment Software Rating Board (ESRB) gir videospel modenhetsrangeringar basert på innhaldet. Til dømes kan eit spel bli vurdert «T» for «Teen» dersom spelet inneheld uanstendige ord eller vald. Dersom spel inneheld eksplisitt vald eller seksuelle tema, er det sannsynleg å få ein «M» for «Mature»-rangering, noko som tydar at ingen under 17 år bør spele det. Til slutt er det «A/O»-spel for «Adults Only». Desse spela har massiv vald eller seksuelle skildringar.

PEGI[endre | endre wikiteksten]

Pan European Game Information (PEGI) er eit system som blei utvikla for å standardisere aldersgrenser i heile Europa (ikkje berre EU, sjølv om dei fleste er EU-medlemmar). Dei nåværande medlemmane er: alle EU-medlemmar, utanom Tyskland og dei 10 tiltredelse landa, Noreg, Sveits.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]