Condom
Condom | |
---|---|
Domkyrkja Saint-Pierre i Condom | |
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Midi-Pyrénées Gers |
Geografi | |
Flatevidd - By |
97,37 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
7 251 82/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 82 m |
Tidssone | CET (UTC+1) |
Diverse anna | |
Postnummer | 32100 |
Heimeside: www.condom.org |
Condom er ein by og kommune sørvest i Frankrike. Han er sous-préfecture i departementet Gers i Midi-Pyrénées. Byen har om lag 7 000 innbyggjarar og ligg ved elva Baïse.
Condom ligg langs Via Podiensis, ei pilegrimsrute frå Le Puy via Saint-Jean-Pied-de-Port til Santiago de Compostella nordvest i Spania. Pilegrimar kjem til Condom etter Miradoux og passerer så gjennom Larressingle.
Ymse[endre | endre wikiteksten]
Sidan byen har same namn som det engelske ordet for kondom, kan det vere verdt å merke seg at namnet på elva som renn gjennom byen, Baïse, utan tødlar er eit vulgært fransk uttrykk for seksuell omgang. På fransk heiter derimot kondom préservatif. Eit problem i byen er turistar som tar med seg gateskilt.
Byen er kjend for produksjon av armagnac.