Pilegrim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Buddhistisk pilegrim utfører barkor-rundgangen i Jokhang-tempelet i Lhasa.
Foto: Luca Galuzzi
Klagemuren i Jerusalem trekk jødiske pilegrimar frå heile verda.[1]
Foto: Daniel Maleck Lewy
Kristne pilegrimar under jubelåret i Roma i 1300.

Ein pilegrim (frå latin peregrinus, 'framand') er ein som førebur eller utfører ei reise av andelege årsaker. Pilegrimsreise er kjend innan fleire religionar, og bruken av orda har blitt utvida, slik at ein som reiser til ein stad som er svært viktig for han kan bli kalla ein pilegrim, sjølv om det ikkje er religion som ligg bak. Pilegrimen søker gjerne andeleg reinsing eller å koma nærare det guddommelege, men det finst også mange andre grunnar til å reisa.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ein har ulike grunnar for å bli pilegrim. Reisa kan vera påboden av religionen, som i islam, der ein trugen muslim skal reisa til Mekka om det er mogleg, og bahai, der ein bør vitja huset til Baháulláh i Bagdad eller huset til Báben i Shiraz dersom ikkje hindringar står i vegen, og i jødedommen før Tempelet i Jerusalem blei øydelagd (sjå sjalosj regalim). Andre kan føla eit djupt kall eller ei trong til å vitja ein heilag stad, som Jerusalem (heilag i jødedommen, kristendommen og islam) eller Roma (heilag for kristne katolikkar). Det som trekk kan vera ei religiøs høgtid som kumbh mela, ein heilag person som «Amma» eller grava hans, som Nidarosdomen, eit relikvie eller noko anna som blir rekna som heilag eller saleggjerande, som den heilage kjelda i Bath. Ein grunn kan vera å søka andelege eller kroppslege signingar eller mirakel, til dømes ved å vitja eit orakel som Pythia i Delfi for dei gamle grekarane, eller stader der Buddha eller andre lærarar oppnådde visdom eller preika for buddhistar. Ein annan kan vera at ein vil oppfylla eit løfte til ein guddom, slik mellom anna hinduar kan gje løfte om ein gåve eller eit offer til ein viss guddom om noko dei ber om blir oppfylt. Pilegrimsferda kan vera ei botsøving eller eit forsøk på å reinska seg for all synd.

Det kan også ligga sekulære grunnar bak ønsket om å bli pilegrim, til dømes eventyr- og reiselyst, eller ei andeleg draging mot noko eller nokon ein ikkje dyrkar religiøst. Ein snakkar i dag om valfart i samband med mange stader som trekk folk av ikkje-religiøse grunnar, til dømes Elvis Presley-bustaden Graceland eller solfylte strender.

Førebuing[endre | endre wikiteksten]

Før reisa må ein pilegrim syta for å ha nok middel til å nå målet, til dømes ved å spara pengar eller be andre om hjelp. Støtte til ein pilegrim blir ofte rekna som ei god religiøs handling for ein som ikkje sjølv dreg på pilegrimsferd.[2] Han kan også førebu seg andeleg, til dømes gjennom faste, bøn eller meditasjon. Dersom reisa er venta å ta lang tid eller bli farefull, har det vore vanleg for pilegrimen å ordna opp i personlege saker, til dømes ved å skriva testamente og å utnemna stadfortredarar.

Klede[endre | endre wikiteksten]

Kvinnelege pilegrimar til eit Sjiva-tempel i liknande raude sariar.
Foto: Palagret

Ein pilegrim kler seg gjerne i spesielle klede som viser for han sjølv og andre kva slag ferd han gjer. Mange pilegrimar går berrbeint, anten heile vegen til målet eller i den heilage staden, til dømes for å gjera reisa vanskelegare for seg sjølv, eller for å vera audmjuke overfor guddommen.

Kristne pilegrimar i mellomalderen hadde gjerne ein breidbremma hatt og ein vandringsstav, både som praktiske reiseklede og symbol på kva ferd dei var ute på. Dei kunne bera merke, som eit kamskjel om dei drog til Santiago de Compostela fordi det var symbolet til den heilage Jakob.[3]

Mannlege muslimske pilegrimar til Mekka kler seg i kvite klede som ikkje er sydde, men halde saman med eit band. Desse enkle kleda symboliserer likskapen mellom rike og fattige framfor Gud, og ved at dei er kvite viser dei til syndforlatinga og reinskapen ein hadj-pilegrim får. Innan hinduismen er det likeleis vanleg å kle seg i enkle, einsfarga klede for pilegrimar, til dømes sarong (vesjti) eller lendeklede (dhoti), eller greie, men lite prangande sariar for kvinner.

Avhald[endre | endre wikiteksten]

Mannlege Sjiva-pilegrimar i raude vesjtiar ber på enkle posar.
Foto: Palagret

Pilegrimen har ofte med seg lite; kanskje ikkje meir enn kleda han går i, fordi målet med ferda kan vera å leva spartansk. Men i andre høve kan reisa gjerast vanskelegare ved at ein kneler eller ruller heile vegen til målet. Ein kan bera med seg tunge offer, som ein steinsekk for kristne pilegrimar, eller ei vasskrukke for hindugudar som Mariamman.

Før eller under pilegrimsreisa kan pilegrimen visa avhald frå ting som kjøt, alkohol, sex og liknande. Dette kan han gjera for å visa styrke overfor guddommen, eller for å konsentrera seg om det andelege. Muslimar i hadj-klede kan ikkje barbera seg, klippa negler eller ha på seg deodorant eller parfyme.

Samhald[endre | endre wikiteksten]

Sikh-pilegrimar samla i ein lastebil.
Foto: John Hill

Mange pilegrimar reiser saman, både av praktiske grunnar — reisa kan vera farefull og vanskeleg — og for å oppleva eit andeleg fellesskap. Dei som reiser åleine kan også knyta seg til andre pilegrimar fordi dei har eit liknande mål.

Innan islam bør kvinner som utfører hadj reisa saman med ein mannleg slektning, eller dersom ingen av desse kan, reisa mange saman.

Reisemåte[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt har ein ofte gått til pilegrimsstaden. Ei lang reise, ofte med mange farar på vegen, blei sett på som ein viktig del av pilegrimsgjerningen. I nyare tid er det blitt vanleg å reisa på enkelt vis, på same måte som turistar, men i ein reaksjon mot dette har ein òg teke til å opna og marknadsføra gamle pilegrimsvegar igjen.

Markering[endre | endre wikiteksten]

Muslimske pilegrimar ved Kaba i Mekka.

Vitjinga ved målet for reisa blir gjerne markert på eit eller anna vis. Pilegrimsreisa er blitt skildra som ei frivillig overgangsrite, slik at pilegrimen ventar at ferda skal gjera han til ein litt annan person.[4] Markeringa kan vera eit ritual, feira saman med andre eller åleine, og kan medføra ein fysisk skilnad som at ein dukkar seg i vatn eller barberer hovudet.

Minne[endre | endre wikiteksten]

Ein pilegrim ønskjer seg ofte eit minne frå staden eller stadane han har vitja. Tidlege kristne pilegrimar til Palestina tok til dømes ofte med seg palmegreiner som dei festa til vandringsstaven sin eller i ein kross til hatten.

Hinduar som vitjar heilage elvar, som Ganga, tek ofte med seg litt heilag vatn som kan brukast i seinare rituale eller til å gjera stader eller menneske rituelt reine. På same måte tek mange pilegrimar til Lourdes med seg vatn frå den heilage kjelda fordi dei meiner det har ein lækjande verknad.

Pilegrimar kan også kjøpa med seg bilete, medaljongar eller relikvie av gudar eller helgenar som har med staden dei vitjar å gjera, eller andre generelt religiøse gjenstandar. På grunn av den stadige tilstrøyminga av kjøpelystne vitjande kan derfor pilegrimsmål ofte bli fylte av utsal.

Omtale[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til det dei sjølv vinn i andeleg vekst vil menneske som har utført pilegrimsreiser ofte bli æra med heider og særskilde nemningar. Ein muslim som har utført hadj blir kalla hadji, og nyt ofte stor respekt i nærmiljøet. Ein kristen mellomalderpilegrim som hadde vore på pilegrimsferd til Jerusalem kunne bli kalla «vallare» (etter valfart) eller «palmeri» (etter palmetre som ein fekk sjå på reise i sørlege land). Dei franske og engelske namna Paumier og Palmer er etternamn skapte av desse tilnamna. Det same er spanske Romero, brukt om pilegrimar til Roma.

I Noreg blei pilegrimar ofte forveksla med munkar, og blei omtala som dette, eller med den nedsetjande nemninga «munkelus».

Kjende pilegrimar[endre | endre wikiteksten]

Pilegrimar er hovudpersonane i det kjende engelske verket Canterbury Tales.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Shmuel Safrai, Yvonne Glikson og Semah Hyman: «Pilgrimage». Encyclopaedia Judaica. Eds. Michael Berenbaum and Fred Skolnik. Vol. 16. 2nd ed. Detroit: Macmillan Reference USA, 2007. p154-158. 22 vols.
  2. Vigdis Asmervik Taule: «Pilegrimer» Arkivert 2007-04-16 ved Wayback Machine.
  3. Miranda Aldhouse Green: «On the road» Arkivert 2011-02-03 ved Wayback Machine. i British Archaeology Issue no 52, April 2000
  4. Det var antropologane Edith og Victor Turner som studerte pilegrimsreisa og kalla det ei overgangsrite.