Conegliano
Conegliano er ein by og ein kommune i provinsen Treviso i Veneto-regionen i Italia, om lag 30 kilometer nord for provinshovudstaden Treviso. Kommunen har i kring 36 000 ibuarar. Ruinane av eit slott bygt i de 10. hundreåret ligg på ei høgde og pregar utsynet mot byen.
Kommunen er særleg kjend for sin vinproduksjon.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Conegliano» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2013.