Vin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raudvin og kvitvin.
Krukke frå yngre steinalder som har vore nytta til lagring og transport av vin, funne i Georgia og tidfesta til sjette tusenåret før vår tidsrekning. No i nasjonalmuseet i Tbilisi.

Vin er ein alkoholhaldig drikk framstilt ved gjæring av frukt eller bær og eventuelt søtemiddel (som til dømes sukker), gjærkultur og andre ingrediensar. Denne prosessen vert kalla vinifikasjon. Den klassiske vinen er laga av druer, og er oftast raud eller kvit, avhengig av ingrediensar og framstillingsmåte. Det vert òg laga rosévin, som kan vera frå klårt raud til svakt rosa i fargen. Vin kan dessutan lagast av ei rekkje andre fruktar eller bær.

Det som skil musserande vin frå ikkje-musserande vin, er at han inneheld koldioksid som lager sprudlande bobler. Skilnaden mellom sterkvin og aromatisert vin ligg i alkoholinnhaldet og aromaframstillingar. Vin vert delt inn i tre kategoriar: tørr, halvtørr eller søt. Hovudsakleg inneheld vin mellom 8,5 og 14 volumprosent alkohol, men strengt teke finst det vin med alt mellom 5,5 volumprosent og 22 volvolumprosent alkohol. Dersom vinen inneheld mellom 15 og 22 volumprosent alkohol vert han kalla sterkvin. Allereie kring 6000 fvt. vart druer dyrka for å laga vin.

Det er i fylgje norsk lov 18 års aldersgrense for å kjøpe og drikke vin med alkoholinnhald på mellom 2,5 og 21 %. Vin blir seld på Vinmonopolet.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vin
Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.