Hopp til innhald

Conseslus Kipruto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Conseslus Kipruto


StatsborgarskapKenya
Fødd8. desember 1994 (31 år)
Eldoret
Idrettfriidrett
Tok del i friidrett under sommar-OL 2016, Samveldeleikane 2018

Conseslus Kipruto (fødd 8. desember 1994) er ein kenyansk friidrettsutøvar som deltek internasjonalt i hinderløp. Han vart olympisk meister i 3 000 meter hinder under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro og verdsmeister 2017 i same øvinga i London. Både ved VM i friidrett 2013 og VM i friidrett 2015 tok han sølv i 3 000 meter hinder, begge gongane slått av landsmannen Ezekiel Kemboi. Under verdsmeisterskapen 2022 la Kipruto beslag på bronsemedaljen. Han presterte livsbeste 8.00,1 ved eit stemne i Birmingham i 2016.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]