Rio de Janeiro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Rio de Janeiro (fleirtyding)
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Rio de Janeira
Kristusstatuen i Rio de Janeiro.
Kristusstatuen i Rio de Janeiro.
Flagget til Rio de Janeiro Byvåpenet til Rio de Janeiro
Flagget til Rio de Janeiro Byvåpenet til Rio de Janeiro
Styresmakter
Land
Region
Brasil
Søraust
Delstaten Rio de Janeiro
Grunnlagd 1. mars 1565
Ordførar Eduardo Paes
Geografi
Innbyggjarar
 - By

14,387,000
Koordinatar 22°54′30″S 43°11′47″WKoordinatar: 22°54′30″S 43°11′47″W
Høgd over havet frå 0 til 1021 m
Diverse anna
Nettstad: www.rio.rj.gov.br

Rio de Janeiro er både namnet på ein delstat søraust i Brasil og namnet på hovudstaden i same delstat. Namnet tyder "Januarelva" på portugisisk.

Byen var hovudstaden i Brasil mellom 1763 og 1960 og hovudstaden i heile det portugisiske imperiet mellom 1808 og 1821. Byen vert som regel berre kalla Rio, og har i tillegg kallenamnet A Cidade Maravilhosa - "Den vidunderlege byen".

Byen er kjend verda rundt på grunn av fleire unike særtrekk: spektakulær natur, den årlege karnevalsfeiringa, samba og andre musikkformer, kjende strender som Copacabana, Ipanema og Leblon, og fortau pynta med svarte og kvite bølgjer. Dei mest kjende landemerka i tillegg til strendene er kristusstatuen Cristo RedentorCorcovado-fjellet, Sukkertoppen, karnevalsbygget Sambodromen, og Maracanã fotballstadion, som er ein av verdas største. Rio har óg den største skogen i verda som ligg innanfor bygrenser, nemleg Floresta da Tijuca, eller Tijuca-skogen.

Om ein inkluderer drabantbyane, er befolkninga på lag 14 millionar. Rio er den nest største byen i Brasil etter São Paulo, og var hovudstad i Brasil fram til 1960, då Brasília vart gjort om til hovudstad. Personar frå Rio vert kalla cariocas.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hamna i Rio og Morro de Castello.

Den 20. januar 1502 kom den portugisiske oppdagaren Gaspar de Lemos til Guanabara-bukta, der han grunnla byen Rio de Janeiro, som tyder "januarelva" på portugisisk. Mange trur at byen fekk namnet sitt fordi sjømennene trudde bukta var eit elveutløp, men det er svært lite truleg at erfarne sjømenn ville ha gjort ein slik feil. På den tida kunne ordet "rio" både tyde ei elv eller andre store vassområde med vatn.

Kort tid etter oppdaginga vart området tatt i bruk av européarar med ymse føremål. Då Magellan kom til området i 1519 for å hente forsyningar, oppdaga han at franske smuglarar brukte bukta for å smugle ut brasiltre. I 1555 kom den franske offiseren Nicolas Durand de Villegaignon til området med ein flåte på to skip og 600 soldatar og nybyggjarar, for å danne den første permanente europeiske busetnaden i området. Kolonien fekk namnet "France Antarctique", og var sett saman hovudsakleg av franske hugenottar og sveitsiske kalvinistar. I 1557 forlet Villegaignon kolonien på grunn av usemjer med enkelte av nybyggjarane.

Sjølve byen vart grunnlagd den 1. mars 1565 av den portugisiske riddaren Estácio de Sá, som gav den namnet São Sebastião do Rio de Janeiro (Sankt Sebastian av Januarelva), for å heidre kong Sebastião I av Portugal. Busetjinga vart kalla São Sebastião i fleire hundreår, før den andre halvdelen av namnet vart brukt. Byen vart grunnlagd som ein base for å førebu ein invasjon av den franske busetjinga, noko som vart gjort i 1567. Byen vart ofte åtaka av piratar, spesielt frå land som var fiendar av Portugal, til dømes Nederland og Frankrike.

Rio vart grunnlagt ved foten av Sukkertoppen, og seinare flytt innanfor eit festningsverk på ei høgd, i tradisjon med europeisk forsvarstaktikk, eit område som fekk namnet Morro do Castelo (slottshøgda). Byen utvikla seg frå dagens sentrum, først mot sør og så mot vest. Denne byutviklinga held fram i dag.

På slutten av 1500-talet byrja det portugisiske kongehuset å sjå på byen som eit strategisk punkt for transporten på Atlanterhavet mellom Brasil, dei afrikanske koloniane og Europa. Det vart bygd fleire festningar, og det vart inngått avtalar med urfolksstammene i området for å verne busetjinga mot inntrengjarar. Nabobyen Niterói var grunnlagd av høvdingen Ararabóia i Tamoio-stammen. Den første næringa i området var sukkerrøyr, og som arbeidskraft brukde portugisarane først urfolk, så afrikanske slavar. Næringa veks raskt sidan sukker av betre kvalitet frå Nord-Brasil vart meir tilgjengeleg.

Fram til tidleg på 1700-talet vart byen truga eller invadert av piratar og buccaneerar, slik som Jean-François Duclerc og René Duguay-Trouin. Då portugisarane fann gull og diamantar i nabokapitaniet Minas Gerias, vart Rio de Janeiro ei meir nyttig eksporthavn enn Salvador, hovudstaden i Bahia, som ligg mykje lenger nord. I 1763 vart koloniadministrasjonen i Portugisisk Amerika flytta til Rio.

Byen var i hovudsak ein kolonihovudstad fram til 1808, då den portugisiske kongefamilien og størstedelen av adelen i Lisboa flytta til Rio de Janeiro for å flykte frå Napoleon si invasjon av Portugal. Hovudstaden i kongedømet var flytta til Rio, som dermed vart den einaste europeiske hovudstaden utanfor Europa. Sidan det ikkje var plass eller infrastruktur nok til å huse alle dei hundrevis av adelsfolka som plutseleg flytta til byen, vart mange av innbyggjarane heilt enkelt kasta ut frå heimane sine.

Prins Pedro I erklærte Brasil uavhengig av Portugal i 1822, bestemte han at Rio de Janeiro skulle vere hovudstaden i det nye imperiet. Byen heldt likevel på å misse økonomisk og politisk tyding i høve til São Paulo.

Etter at monarkiet vart erstatta med republikk i 1889, heldt Rio de Janeiro fram med å vere hovudstad.

Copacabana Palace Hotel, frå 1920-talet, ved stranda Copacabana. Hotellet er eit av dei best kjende luksushotella i Rio.

Fram til byrjinga av 1900-talet var byen avgrensa til området som no er kjent som det historiske forretningsdistriktet i munningen av Guanabara-bukta. Etterkvart byrja bysenteret å flytte seg mot sør og vest, til den såkalla Zona Sul (sørsonen), då den første tunnelen vart bygd under fjella mellom Botafogo og bydelen som no er kjend som Copacabana. Den vakre stranda, i tillegg til det berømte Copacabana Palace Hotel, gjorde at Rio vart kjend som ein festby for strandløver, eit ry som har halde seg fram til i dag, trass i den aukande valden i favelaene og narkotikahandelen.

Det hadde vore debattert fleire gonger å flytte hovudstaden til midten av landet, og då Juscelino Kubitschek vart vald som president i 1955, var det basert på lovnaden om å byggje ein ny hovudstad. Til tross for at mange avfeide dette som tomme vallovnader, greidde Kubitschek å få bygd Brasília innan 1960. Den 21. april det året vart hovudstaden offisielt flytta frå Rio de Janeiro til Brasília.

Mellom 1960 og 1975 var Rio ein bystat, slik som Wien, Hamburg eller Washington D.C. med namnet Staten Guanabara. Det vart gjeve ut eit presidentdekret i 1975, av administrative og politiske grunnar, som fjerna den føderale statusen til byen og innlemma han i delstaten Rio de Janeiro. Framleis er det mange cariocas som ønskjer at Rio skal få denne statusen attende.

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

The Municipal Theatre, originally an opera house in a classic European style, built in the beginning of the 20th century in the centre of Rio

Byen vert som regel delt inn følgjande delar: Centro (sentrum), den meir turistvenlege Zona Sul (sørsona), der ein finn dei berømte strendene; Zona Norte (nordsona), som er prega av industri; og Zona Oeste (vestsona), der ein finn det nyare Barra da Tijuca-området

Sentrum[endre | endre wikiteksten]

Centro (sentrum) er byen sitt historiske og finansielle sentrum. Av attraksjonar kan nemnast det såkalla 'Paço Imperial', som vart bygd for å huse dei portugisiske guvernørane av Brasil, fleire historiske kyrkjer, slik som Candelária, teateret Teatro Municipal og fleire museum. Næringslivet i byen er sentrert i Centro. O Bondinho(ein berømt trikk) har avgangar frå ein stasjon i Centro, køyrer over 'Arco da Lapa', ein akvedukt i romersk stil frå 1750, som vart gjort om til trikkeveg i 1896, og køyrer ruta si gjennom det kuperte landskapet i Santa Teresa-området like ved.

Fleire av dei største brasilianske selskapa har hovudkvarter her, slik som Petrobrás og CVRD, som er dei to største bedriftene i landet.

Zona Sul[endre | endre wikiteksten]

Utsikt over Ipanema frå Corcovado. Cagarras-øyene kan sjåast i bakgrrunnen, med Rodrigo de Freitas-sjøen i forgrunnen.

Den sørlege delen av Rio de Janeiro, Zona Sul, er sett saman av fleire distrikt, blant andre dei berømte kyst- og strandområda São Conrado, Leblon, Ipanema, Arpoador, Copacana og Leme. Andre område i bydelen er Botafogo, Flamengo og Urca, som grensar mot Guanabara og Lagoa, Gávea, Jardim Botânico og Laranjeiras.

Nord for Leme, mot Guanabara-bukta, ligg distriktet Urca og Sukkertoppen.

Ipanema-stranda i Zona Sul, slik ho vert skildra i songen The Girl from Ipanema av Tom Jobim og Vinicius de Morais. Dois irmãos belvedere kan sjåast i bakgrunnen.

Ein kan kome opp Sukkertoppen med ei taubane frå Praia Vermelha, med ein mellomstopp på Morro da Urca. Utsikta frå Sukkertoppen er ein av byens viktige turistattraksjonar.

Tijuca-skogen ("Floresta da Tijuca") er det største urbane skogsområdet i verda, og har vore nasjonalpark sidan 1961.

Zona Norte[endre | endre wikiteksten]

Nordsona i Rio har fleire kjende landemerke, slik som Maracanã fotballstadion, som er ein av verdas største i sitt slag, og med ein kapasitet på omtrent 180,000 menneske. Den internasjonale flyplassen i Rio, Galeão - António Carlos Jobim Aeroporto Internacional ligg óg i nordsona. Dei viktigaste bydelane i Zona Norte er blant andre Tijuca, Grajaú, Vila Isabel, Méier og São Cristóvão.

Zona Oeste[endre | endre wikiteksten]

Zona Oeste (Vestsona) er den bydelen som lengst unna sentrum av Rio de Janeiro. Der finn ein Barra da Tijuca, Jacarepaguá, Recreio dos Bandeirantes, Vargem Grande, Vargem Pequena, Campo Grande, Jardim Sulacap og Santa Cruz. Det er store kontrastar når det gjeld levestandard mellom dei ulike delane av området. I tillegg til industriområde finn ein enkelte jordbruksområde.

Vest for den eldste delen av området ligg Barra da Tijuca, som er eit stort kystområde som tidlegare ikkje var utbygd, men som no går gjennom ein fase med svært stor byggjeaktivitet. Veksten i området er svært stor, og trekkjer til seg dei meir velståande delane av befolkninga, i tillegg til enkelte luksusvarebedrifter. Høge bustadkompleks og store kjøpesentra skaper ein kontrast til det kaotiske bysenteret i Rio. Bustadplanleggjinga er inspirert av amerikanske forstader, innblanda skyskraparar. Strendene i Barra da Tijuca er eit populært mål for utflukter blant den lokale befolkninga. Det finst ei lita, men veksande rørsle som arbeider for å skilje Barra frå Rio de Janeiro og danna ein ny sjølvstendig by.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Rio har eit subtropisk klima.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Max (°C) 29 30 29 28 26 25 25 26 25 26 27 29 27
Min (°C) 23 24 23 22 20 19 18 19 19 20 21 22 21
Nedbør (cm) 11 11 10 14 9 8 6 5 9 9 10 17 119

Sosiale tilhøve[endre | endre wikiteksten]

Ein favela i Rio de Janeiro.

Rio er ein by av kontrastar. Her finst enorme ulikskaper mellom rik og fattig. Sjølv om byen heilt klårt er blant verdas største metropolar, lever 15 % av byinnbyggjarane i fattigdom. Dei verste områda er slumområda som vert kjend som favelaar, ofte bygd oppetter fjellsidene. Her er det vanskeleg å byggja solide hus, og det skjer ofte uhell, særleg på grunn av kraftig regn. I favelaane er det mykje narkotika-relatert kriminalitet, krig mellom gjengar, brutalitet frå politiet si side, mangel på reinhald og andre sosiale problem som oppstår i fattigdom.

Eit eineståande aspekt med favelaane i Rio er at dei ligg svært nærme dei rikaste strøka i byen. Overklassestrøk som Ipanema og Copacabana ligg pressa innimellm stranda og dei fattige åsane.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Rio vart foreviga i songen "Garota de Ipanema" (The Girl from Ipanema) komponert av Antonio Carlos Jobim. Songen vart seinare spelt inn av både Astrud Gilberto, Frank Sinatra, og Ella Fitzgerald. Songen er den mest kjende songen i stilarten Bossa Nova, som vart til i Rio.

Karneval[endre | endre wikiteksten]

Karneval i Rio.

Karnevalet i Rio de Janeiro har mange variantar, t.d. dei vidgjetne samba-skule-paradane i utstillingssenteret sambódromo og dei populære 'blocos de carnaval', som går i tog i nesten kvar einaste bydel. Dei mest berømte karnevalstoga er desse:

  • Cordão do Bola Preta: Paradar i setrum. Dette er ein av dei mest tradisjonelle karnevalstypane. I 2006 samla det 200.000 menneske på éin dag.
  • Suvaco do Cristo: Musikkorps som går i tog i den botaniske hagen, rett under armen til kristusstatuen. Namnet tyder bokstaveleg tala "Kristi armhole".
  • Carmelitas: Musikkorps som skal bestå av nonner, men som faktisk berre er korps som er utkledd som nonner. Dei går i åsane i Santa Teresa.
  • Simpatia é Quase Amor: Ein av dei mest populære toga i Ipanema. Namnet tyder "Venskap er nesten kjærleik."
  • Banda de Ipanema: Det mest tradisjonelle i Ipanema. Det tiltrekkjer eit vidt spekter av tilskodarar, inkludert familiar og mange homofile og drag queens.

Funk[endre | endre wikiteksten]

Funk er ein svært populær musikkstil i Rio. Han utvikla seg frå Miami Bass-stilen og har vokse mykje dei siste 20 åra. I Rio blir funk laga av enkle menneske som skal uttrykkja livsstilen deira.

Kulturelle hendingar i Rio de Janeiro[endre | endre wikiteksten]

Rio de Janeiro er blant dei største byane i Sør-Amerika, men byen er mest kjend for dei mange kulturfeiringane som blir haldne kvart år. Den mest populære er karnevalet, som blir halde to veker før fasta tek til, og sluttar på feitetysdag, Mardi Gras.

Nyttårsfeiringa er også ei viktig hending i Rio. Ho blir feira med konsertar og fyrverkeri i heile Rio, særleg på Copacabana. Folk har på seg kvite klede, og nokre ofrar til ein Candomblé-guddom som heiter Iemanjá.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Rio de Janeiro var vertsby for dei pan-amerikanske leikane i 2007. Rio de Janeiro var også ein av kandidatane for Sommar-OL 2012 men tapte for London, England. I 2009 vann dei likevel konkurransen om å bli vertsby for Sommar-OL 2016 og Paralympics 2016 like etterpå.

Av andre sportsarrangement i Rio kan nemnast Brasiliansk Grand Prix og verdsfinalane i sandvolleyball. Jacarepaguá var plassen der fleire billøpskonkurransar fann stad frå 70-90-talet. Surfemeisterskap vart utkjempa på strendene ved byen frå 1985 - 2001. Byen byggjer også eit nytt stadion nær Estádio do Maracanã, som skal kunna husa 145,000 menneske. Det vil bli oppkalla etter den tidlegare FIFA-presidenten, brasilianaren João Havelange.

Innsida av Maracana Stadion i Rio.

Idrett er eit svært populært tidsfordriv i Rio. Den vanlegaste er futebol (Fotball). Rio de Janeiro har fire brasilianske fotballklubbar: Botafogo, Flamengo, Fluminense og Vasco.

Andre populære idrettar her er strandfotball, sandvolleyball, surfing, kitesurfing, hanggliding, billøp, jiu-jitsu, segling og rokonkurransar. Den brasilianske dansen/idretten/kampsorten Capoeira er også velkjend. Ein annan sport som blir mykje spelt på strendene i Rio er "Fresco Ball" (eller Matkot), ein type strand-tennis. Dessutan er det også i Rio mange som driv med fiske, som i resten av Brasil.

Rio de Janeiro er eit paradis for fjellklatrarar med hundrevis av klatreruter over heile byen. Også på fjellet Sukkertoppen finst det mange forskjellige klatreruter i ulike vanskegrader.

Hanggliding i Rio de Janeiro tok til på midten av sytti-talet og det viste seg raskt at dette var ein sport som passa godt i Rio. Dette kjem av dei bratte fjella og dei flate strendene ved Atlanterhavet, noko som gjev flotte stader til å ta av og landa. Etter kvart har det vorte svært lønsamt å ta med seg turistar på tandemflyging.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Eit kart over undergrunnen i Rio og bussrutene som korresponderer med han.

Bussar er køyretøyet som vert brukt mest til massetransport i Rio. Dei er billege og går ofte, men politikarane i Rio byggjer no ut jarnbanen og undergrunnen for å redusera trafikkorkar og auka kapasiteten.

Det finst to undergrunnsbanar i Rio, og fleire forstadsbanar. I framtida har ein tenkt å byggja ein tredje undergrunsbane til Niterói og São Gonçalo, med undervasstunnel under Guanabara-bukta, som vil avløysa ferjeruta som går der i dag.

Når ein føretek seg lengre reiser i Brasil, reiser folk mest på vegane, med ekspressbussar. I Rio finst det også to hamneanlegg for lasteskip og passasjerskip.

Flyplassar[endre | endre wikiteksten]

Eit satellitt-bilete av Rio frå NASA

I Rio de Janeiro finst det 5 lufthamner.

Galeão - Antônio Carlos Jobim Internasjonale Lufthamn 
brukt til alle utanlandsrutene og nokre lengre innanlandsruter.
Santos Dumont Regionale Lufthamn 
Offisielt er dette Rio sin internasjonale lufthamn, og han vart også bygd fyrst. Han er ein av dei beste lufthamnene i verda fordi han ligg sentralt mellom Sukkertoppen, Corcovado, Aterro do Flamengo og Guanabara-bukta. I dag vert han brukt til flyturar mellom Rio og São Paulo, og til nokre flyruter innanfor staten Rio de Janeiro, særleg frå Rio til olje-byane i nord.
Aeroporto de Jacarepaguá 
Ligg i distriktet Barra da Tijuca. No for tida vert han brukt av Aeroclube do Brasil med småfly, men skal i framtida også brukast til flyruter mellom Rio de Janeiro og São Paulo, sidan distriktet han ligg i er det raskast veksande i byen.
Campo dos Afonsos 
Ein militærflyplass, der luftvåpenet i Brasil syner fram showa sine. Ved denne flyplassen ligg også det store flymuséet MUSAL (Museu Aero-Espacial).
Santa Cruz Air Base 
Militærflyplass.

Kjende Cariocas[endre | endre wikiteksten]

'Cariocas', som folk frå Rio de Janeiro ofte vert kalla i Brasil, har gjort mange bidrag til historia, kulturen, musikken, litteraturen, utdanninga, vitskapen og teknologien til Brasil. Dette skjedde særleg då Rio de Janeiro enno var hovudstaden i landet. Nokre av dei mest kjende er:

Nordmenn busett i Rio[endre | endre wikiteksten]

Utdanning i Rio de Janeiro[endre | endre wikiteksten]

I Rio de Janeiro finst det minst 10 offentlege universet eller høgskular, over tjue private universitet/ eller høgskular, fleire forskingssenter, og mange vanlege skular, både offentlege og private.

Parkar og uteområde[endre | endre wikiteksten]

  • Arpoador-parken
  • Flamengo-parken
  • Morro Dois Irmãos-parken
  • Dei botaniske hagane i Rio

Ymse[endre | endre wikiteksten]

I 1992 var byen vertskap for Rio-konferansen om berekraftig utvikling.

Rio har også vorte brukt som bakgrunn for mange filmar, til dømes Notorious (1946), Orfeu Negro (1959), Mannen fra Rio (1964), James Bond-filmen 007 Moonraker (1979), Blame It on Rio (1984), Wild Orchid (1990), Bossa Nova (2000), The Girl From Rio (2002) og City of God (2002). Filmen The Brazilian Job, ein oppfylgjar til The Italian Job (2004) blir spelt inn i Rio. I 2011 kjem dessutan animasjonsfilmen Rio ut, som finn stad i byen.

I The Simpsons-episoden "Blame it on Lisa", vitja familien Rio de Janeiro, berre for å møta ein myriade av latterleg overdrivne problem. Episoden gjorde folk frå den brasilianske turistnæringa rasande og dei trua med å saksøkja serieprodusentane.

I PlayStation-spelet Driver 2, er ein av banane i Rio.

Den naturlege hamna i Rio de Janeiro vart erklært som eitt av dei sju naturskapte underverka av CNN. Kristusstatuen i byen vart også erklært som eitt av dei sju underverka i ei anna liste, gjeve ut av det sveitsiske selskapet New Open World Cooperation.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Venskapsbyane til Rio de Janeiro er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Store delar av artikkelen er omsett frå Engelsk Wikipedia. Omsetjinga vart gjort ferdig 14. januar 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Offisielle sider[endre | endre wikiteksten]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

  • CGMAX - Datagrafikkuniversitetet i Rio
  • UVA-Rio - Veiga de Almeida-universitetet
  • PUC-Rio - Pontifical-universitetet
  • COPPE/UFRJ
  • UFRRJ
  • UERJ - Rio de Janeiro delstatsuniversitet
  • UNIRIO - Rio de Janeiro føderale delstatsuniversitet
  • UCAM - Universidade Candido Mendes
  • [1] - Den USA-amerikanske skulen i Rio
  • [2] - Estacio de Sa-universitetet

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Lua-feil i mw.wikibase.entity.lua, line 37: data.schemaVersion must be a number, got nil instead.