Cordiner Peaks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cordiner Peaks
fjell
Land  Antarktis
Topp Queen Elizabeth Land
 - koordinatar 82°48′S 53°30′W / 82.800°S 53.500°W / -82.800; -53.500
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Cordiner Peaks
82°48′S 53°30′W / 82.8°S 53.5°W / -82.8; -53.5
Cordiner Peaks is located in Antarktis
Cordiner Peaks (Antarktis)

Cordiner Peaks er ei gruppe fjelltoppar som strekkjer seg over eit område på 6 nautiske mil, og ligg 8 nautiske mil sørvest for Dufek Massif nord i Pensacolafjella. Dei vart oppdaga og fotografert den 13. januar 1956 under ein transkontinental flytur av mannskapet på U.S. Navy Operasjon Deep Freeze I frå McMurdo Sound til Weddellhavet og attende. Dei vart namngjevne av Advisory Committee on Antarctic Names etter kaptein Douglas L. Cordiner i U.S. Navy som var observatør under flyturen. Heile Pensacolafjella vart kartlagde av US Geological Survey i 1967 og 1968 frå landmålingar og frå flyfoto tekne i U.S. Navy i 1964.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Cordiner Peaks». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 2. mars 2013. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cordiner Peaks» (innhald frå Geographic Names Information System).