Cordobanini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cordobanini
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Biller Coleoptera
Familie: Kortvenger Staphylinidae
Underfamilie: Småkortvenger Aleocharinae
Stamme: Cordobanini
Bernhauer, 1910

Cordobanini er ei gruppe (stamme) av biller som høyrer til familien kortvenger. Ein kjenner berre til éin art i gruppa. Arten er funnen og skildra i Veracruz i Mexico.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Cordobanus mirabilis er ein liten bille (ca. 1,5 millimeter) som er avlang på form og brunleg på farge. Kroppen har spreidde, ganske lange børstehår. Hovudet er avrunda firkanta med små fasettauge, maksillarpalpene er ganske små. Pronotum er ganske stort, runda, litt breiare enn langt. Dekkvengene er jambreie, kortare enn pronotum. Flygevengene er velutvikla. Bakkroppen er jambrei. Beina er middels lange, og føtene er femledda.

Systematisk inndeling[endre | endre wikiteksten]

  • Ordenen biller, Coleoptera
    • Underordenen Polyphaga
      • Overfamilien åtsel- og rovbiller, Staphylinoidea
        • Familien kortvenger (Staphylinidae) Latreille, 1802
          • Underfamilien småkortvenger, Aleocharinae Fleming, 1821
            • Stammen Cordobanini Bernhauer, 1910 - ikkje i Noreg[1]
              • Slekta Cordobanus Bernhauer, 1910
                • Cordobanus mirabilis Bernhauer, 1910

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bernhauer, M., 1910: Beitrag zur Kenntnis der Staphyliniden-Fauna von Zentralamerika. Verhandlungen der Kaiserlich-Königlichen Zoologisch-Botanischen Gesellschaft in Wien, 60(7/8): 350–393.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]