Insekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Insekt


Fluge sett frå undersida
Fluge sett frå undersida

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Vitskapleg namn
Insecta

Insekt (frå latin in secta, 'i delar', etter kropssegmenteringa deira) er ei gruppe seksfota leddyr som er utbreidd over heile verda. Det er beskrive godt over ein million ulike artar, 15 000 av dei er registrert i Noreg. Talet på beskrivne artar aukar med om lag 3500 i året, og ein reknar med at det reelle artstalet ligg mellom tre og hundre millionar artar.

Ein finn insekt dei fleste stadar på land og i ferskvatn, kor dei spelar særs viktige rollar økologisk. Dei er både viktige predatorar på andre virvellause dyr og viktige matorganismar for større dyr. Mange blomsterplantar er dessutan avhengige av insektpollinatorar for å kunne formeira seg.

Insekt er òg dei dyra som skapar flest problem for menneske. Kvart år vert ein tredel av verdas avlingar øydelagt av insekt av eit eller anna slag. [1] Mange sjukdommar vert òg spreidd via insekt, mellom anna malaria.

Sidan insekta er så enormt mangfaldige, talrike og økologisk viktige, er studiet av dei rekna som eit eiga fag, entomologien.

Anatomi[endre | endre wikiteksten]

A - hovud, B - thorax, C - abdomen. 1) Antenner 2) Nedre ocelli (augeflekk) 3) Øvre ocelli 4) Fasettaugo 5) Hjerne 6) Prothorax 7) Ryggarterie 8) Trakéa 9) Mesothorax 10) Metathorax 11) Første vengjepar 12) Andre vengjepar 13) Mage 14) Hjarta 15) Eggstokk 16) Baktarm 17) Anus 18) Vagina 19) Nervestreng 20) Malpigiske røyr (ekskresjons- og vassbalanseorgan) 21) Fotpute 22) Klør 23) Tarsus 24) Tibia 25) Femur 26) Trochanter 27) Formage (kro) 28) Thorakisk ganglion 29) Coxa 30) Spyttkjertel 31) Sub-esophagt ganglion 32) Munndelar

Insekt er delt inn i tre segment; hovudet, thorax eller mellomkroppen og abdomen eller bakkroppen. Dei er dekt med eksoskjelett og pustar med trakéar. Gruppa skil seg frå andre hexapodar ved å ha munndelane sine på utsida av hovudet.

Hovudet[endre | endre wikiteksten]

Hovudet til insekta består av seks samanvaksne segment, fem av desse med omdanna lemmar. På det første segmentet har insekta eit par antenner som mellom anna vert nytta til å registrera kjemiske luktsignal (feromon) frå andre insekt. Systema som vert brukt tilsvarar luktesansen hjå virveldyr.

Vidare ber hovudet eit par fasettaugo, store augo som er sett saman av mange mindre augeflekkar som saman dannar eit bilete. Dette gjev ikkje god biletoppløysing, men dyra kan sjå over store område og er særleg gode til å oppdaga raske rørsler. Mange insekt har i tillegg 1-3 små einskilde augeflekkar (ocelli) heilt fremst på hovudet.

Munndelane til insekta består heilt grunnleggande av ei overleppe labrum, eit par mandiblar, eit par maxillar (omdanna lemmar til å skjera, suga eller flytta maten inn i munnen med) og ei underleppe labium. Dette grunnmønsteret har vorte utvikla til ei rekkje ulike variantar, frå sugemunnar hjå mygg til bitemunnar hjå mellom anna lopper og grashopper. Korleis munndelane ser ut varierer med levesettet til det einskilde insektet

Mellomkroppen[endre | endre wikiteksten]

Augestikkaren Somatochlora arctica sit og kviler på eit strå.

Mellomkroppen til insekta består av tre segment med kvart sitt beinpar. Desse beina inneheldt sanseorganar for opptak av lyd, men vert òg nytta til å gå eller hoppa med.

Dei fleste insekt har i tillegg vengjer på dei to siste segmenta sine. Desse vert brukt til å flyga med, og ser ulike ut hjå ulike grupper insekt. Den primitive gruppa Paleoptera, som omfattar augestikkarar og døgnfluger, brukar begge vengjepara til å flyge med, og kan ikkje falda dei inn over bakkroppen. Dei fleste insekt har derimot denne evna.

Hjå nokre grupper, som sommarfuglar, vert båe vengjepara nytta under flukta. Andre, som biller, brukar berre det bakste paret; det første er omdanna til hardare dekkvengjer som fungerer som eit skjold for flygevengjene når dei ikkje vert brukt. Tovengjer som fluger og mygg brukar det første vengjeparet til å flyge med, og har fått det andre omfatta til halterar eller køllevengjer - navigasjonsorgan. Insekt er dei einaste virvellause dyra som er i stand til flyga.

Dei insekta som manglar vengjer vert delt inn i primært og sekundært vengjelause insekt ut frå om dei har hatt forfedrar med vengjer evolusjonshistorisk. Primært vengjelause insekt omfattar mellom anna sølvkre, medan lopper er gode døme på sekundært vengjelause kryp.

Bakkroppen[endre | endre wikiteksten]

Bakkroppen til insekta består av 11 segment, men ofte er nokre av desse redusert vekk eller samanvaksne. Her finn ein ingen ekstremitetar, men mange av dei viktigaste kroppsfunksjonane til dyret går føre seg her. Mellom anna sit fordøyingssystemet og forplantningsorgana her.

Insekt pustar med trakèar, som er små hole røyr som går i nettverk gjennom insektskroppen. Luft frå atmosfæren vert dregen inn i trakèane gjennom opningar som sit parvis bakerst på dyret, og vert teken opp av dei einskilde cellene undervegs gjennom insektet. Somme vasslevande insekt har gjeller som sit i samband med trakèsystemet.

Livssyklus[endre | endre wikiteksten]

Livssyklusane til insekt kan grovt sett delast inn i tre kategoriar.

Ametabole insekt er dei minst vanlege, og finst berre hjå primitive grupper utan vengjer. Her er den einaste skilnaden på larve og vaksen storleiken, ved somme høve òg talet på kroppssegment. Ein finn ametaboli hjå mellom anna sølvkre og spretthalar.

Hemimetabole insekt har tre utviklingsstadium: Egg, nymfe og imago eller vaksent insekt. Nymfestadiet skil seg frå det vaksne insektet på at dei manglar mellom anna vengjer og kjønnsorgan. Utviklinga frå nymfe til vaksen skjer gjennom ein serie skalskifte, og er ein gradvis prosess. Mellom anna augestikkarar, kakerlakkar, teger og grashoppar er hemimetabole.

Holometabole insekt har fire distinkte stadium i livet sitt; egg, larve, puppe og imago. Dette er den klart vanlegaste forma, og me finn han mellom anna hjå tovengjer, biller, årevengjer og sommarfuglar.

Evolusjonær suksesss[endre | endre wikiteksten]

Ein primitiv maur innkapsla i rav.

Insekta er, både i samla biomasse, tal på individ og tal på artar, den mest dominerande gruppa dyr på landjorda. Dette gjer at ein reknar dei som den største evolusjonære suksesshistoria innanfor fleircella organismar. Mest sannsynleg er det fleire årsaker som ligg bak dette.

For det første var insekta tidleg ute med å utnytta ei rekkje nisjar då dei først tok steget frå vatn til landjorda. Flesteparten av desse nisjane er dei framleis fullstendig dominerande i; den relativt vesle storleiken deira gjer at dei kan nytta fleire nisjar enn det større dyr kan.

Dei var òg dei første dyra som lærte seg å flyge; allereie dei eldste kjende fossile insekta me kjenner hadde vengjer. Kor desse vengjene utvikla seg frå er uklårt, men ein teori går på at dei kjem frå trakègjeller av eit slag ein framleis ser i nymfestadium hjå augestikkarar og døgnfluger. Andre trur dei opphavleg var utvekstar frå øvst på gangbeina og såleis analoge (homologe?) til gjellene hjå mange storkreps.

Dei første kjende insekta me finn er frå tidleg Devon, om lag 400 millionar år sidan. Molekylære data og sporfossil tyder på at gruppa oppstod om lag for 430 millionar år sidan, i Silurtida. Det vert observert ei stor auke i artsmangfald i fossillag frå Karbon, kor ein mellom anna har funne døgnfluger, kakerlakkar og grashoppar. I løpet av Mesozoikum (trias, jura og krit) var alle ordenane me kjenner frå i dag utvikla.

Då dei dekkfrøa blomsterplantane utvikla seg i krittida, auka mangfaldet mellom insekt vidare. Insektfaunaen ein finn frå denne tida er anatomisk sett særs lik moderne insekt, det er òg her dei første ravfossila tek til å dukka opp. Seinare artsdanning hjå insekt har i stor grad vore produkt av koevolusjon, først og fremst med plantar men òg med andre dyr i samtida.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Insecta vert i dag rekna som ei klasse innanfor leddyra, sannsynlegvis med avstamming innanfor krepsdyra. Ein delar klassa inn i tre underklassar; to av dei er primært vengjelause (Archaeognatha og Zygentoma; små grupper som m.a. omfattar sølvkre) medan dei flygande insekta og etterkommarane deira vert plasserte i Pterogyta. Denne gruppa vert vidare delt inn i Palaeoptera («gamal-vengjer», augestikkarar og døgnfluger, flygande insekt som har flygemusklane sine fest direkte til vengjene) og Neoptera («ny-vengjer», omfattar 22 ordenar, mellom anna biller, tovengjer, årevengjer, rettvengjer, kakerlakkar, nebbmunnar, sommarfuglar, termittar og steinfluger).

Dei største gruppene insekt er biller, tovengjer (fluger, mygg og knott) og årevengjer (kvefsar og maur).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Insekt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Brusca & Brusca: Invertebrates, Sinauer Associates 2002
  • Miller & Harley: Zoology, McGraw-Hill 2007
  1. Brusca & Brusca: Invertebrates, side 593