Corliss Lamont

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Corliss Lamont

Statsborgarskap USA
Fødd 28. mars 1902
Englewood
Død

26. april 1995 (93 år)
Ossining

Yrke filosof, menneskerettsaktivist, politikar, skribent
Språk engelsk
Politisk parti American Labor Party
Religion ateisme
Far Thomas W. Lamont
Mor Florence Haskell Lamont
Ektefelle Helen Boyden Lamb
Corliss Lamont på Commons

Corliss Lamont (fødd 28. mars 1902 i New Jersey daud 26. april 1995 i Ossining i New York, daud 26. april 1995 i New York) var ein amerikansk humanistisk filosof og borgarrettsførekjempar. Under studietida si var han noka tid også ved Universitetet i Oxford og delte då studentbustad med Julian Huxley.

Det politiske synet til Lamont var sosialismen. På 1930-talet var han positivt sinna overfor den sovjetiske sosialismen, men gjekk aldri inn i kommunistpartiet og distanserte seg seinare frå dette. I 1953 skreiv han ein pamflett om dette, med tittelen Why I am not a Communist («Kvifor eg ikkje er kommunist»).

Han var ein ivrig førekjemper for borgerrettane og var direktør for American Civil Liberties Union frå 1932 til 1954, og deretter formann fram til sin død for the National Emergency Civil Liberties Committee som med stor framgang gjekk imot underkomitéen til senator Joseph McCarthy i det amerikanske senatet.

Lamont skreiv seksten bøker, hundrevis av pamflettar og tusenvis av lesarinnlegg om samfunnsmessige spørsmål. Hans mest kjende bok er sannsynlegvis The Philosophy of Humanism, som av mange vert oppfatta som ei nøkkelframstilling av naturalistisk humanistisk filosofi. Eit anna bidrag til same felt var boka The Illusion of Immortality frå 1935, som er ein revidert versjon av doktoravhandlinga hans. Han utgav òg bøker om John Dewey og Bertrand Russell.

Lamont var president-emeritus for American Humanist Association og mottok Gandhi-fredsprisen i 1981. I 1998 mottok han posthumt utmerkinga Distinguished Humanist Service Award frå International Humanist and Ethical Union.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • The Philosophy of Humanism, (fyrst utgjeven i 1949), 1965-utgåve: Ungar Pub Co ISBN 0-8044-5595-3, 7th rev. edition 1990: Continuum Intl Pub Group, ISBN 0-8044-6379-4, 8th rev. edition (med kjønnsnøytrale referansar ved redaktørane Beverley Earles og Beth K. Lamont) 1997 Humanist Press ISBN 0-931779-07-3
  • Illusion of Immortality, føreord av John Dewey, (fyrst utgjeven i 1935), 5th edition 1990, Continuum Intl Pub Group, ISBN 0-8044-6377-8
  • Yes to Life: Memoirs of Corliss Lamont, 1981 Horizon Press: ISBN 0-8180-0232-8, rev. edition 1991: ISBN 0-8264-0477-4
  • Voice in the Wilderness: Collected Essays of Corliss Lamont, 1979 Prometheus Books, ISBN 0-87975-060-X
  • Freedom Is As Freedom Does: Civil Liberties in America, føreord av Bertrand Russell, (fyrst utgjeven i 1956), nyopptrykk 1990, Continuum Intl Pub Group, ISBN 0-8264-0475-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]