Joseph McCarthy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joseph McCarthy
Joseph McCarthy.jpg
Fødd 14. november 1908
Grand Chute
Død

2. mai 1957
Bethesda

Yrke politikar, offiser, dommar, advokat, bonde, usher
Joseph McCarthy på Commons

Joseph Raymond McCarthy (14. november 19082. mai 1957) var ein USA-amerikansk politikar for det republikanske partiet, senator 1946-57 for delstaten Wisconsin.

McCarthy var kjend og omstridd frå 1950, då han gjekk til angrep på det han kalla kommunistisk infiltrasjon i statsapparatet. Etter det republikanske partiet vann regjeringsmakta i 1952, kom han til stor makt og vart ein frykta politikar. Som formann i ein underkomité i senatet i 1953–54, dreiv han nærast klappjakt på meiningsmotstandarar i det USA-amerikanske samfunnet. Den innbitte anti-kommunismen og patriotismen som ivra for, og som fekk namnet mccarthyisme, kom i vanry då McCarthy sjølv vart granska av ein senatskomité. Denne siste komiteen fordømde metodene hans i 1954. McCarthy var sidan utan politisk makt.

McCarthy døydde 48 år gammal av en akutt leversjukdom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]