Cotonou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cotonou
by
Land  Benin
Fylke Littoral
Areal 79 km²
Folketal 761 137  (2006)
Kart
Cotonou
6°22′00″N 2°25′00″E / 6.3666666666667°N 2.4166666666667°E / 6.3666666666667; 2.4166666666667
Wikimedia Commons: Cotonou

Cotonou er den største byen og det økonomiske senteret i Benin. Det offisielle folketalet i 2006 var 761 137, men innbyggjartalet er blitt estimert til å vera så høgt som 1,2 millionar Byen ligg søraust i landet, mellom Atlanterhavet og Nokouésjøen.[1]

Sjølv om det er Porto-Novo som er hovudstaden i Benin, har regjeringa sete i Cotonou. Ein finn også fleire statlege bygningar og diplomatiske tenester her. Byen har ei stor hamn, flyplass og jernbane med samband til Parakou. Andre viktige byggverk er stadionet Stade de l'Amitié, domkyrkja i Cotonou, Sentralmoskeen i Cotnou, brua Ancien Pont Dantokpa-marknaden, som dekkjer 20 hektar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ved byrjinga av 1800-talet var Cotonou (då stava Kutonou) ein liten fiskelandsby som høyrde til kongeriket Dahomey. I 1851 gjorde Frankrike ein avtale med kong Ghezo av Dahoemy om å skipa ein handelsstasjon her. Under etterfølgjaren hans Glele (1858–89) blei territoriet avstått til Frankrike gjennom ein avtale signert 19. mai 1868. I 1883 okkuperte den franske marinen byen for å hindra britane frå å ta området. Etter at Glele døydde i 1889 prøvde sonen hans, Béhanzin, å gå imot avtalen, utan hell. Deretter utvikla byen seg raskt til å bli den største hamna i regionen.

I 1960 hadde byen berre rundt 70 000 innbyggjarar. Han har vakse kraftig, særleg mot vest. Sidan det finst lite land att å byggja på, har nærliggjande byar som Abomey-Calavi, Sèmè-Kpodji og Ouidah blitt forstader i eit storbyområde.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. GNS: Country Files, Earth-info.nga.mil, arkivert frå originalen May 4, 2012, henta 15. juni 2011 
  2. [1] Arkivert 2015-12-08 ved Wayback Machine. (pdf).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]