Porto-Novo
Utsjånad
| Porto-Novo | |
|---|---|
| Land |
Benin |
| Flatevidd | 52 km² |
| Innbyggjarar • By (2006) |
255 878 |
| Koordinatar | 6°28′N 2°36′E / 6.467°N 2.600°E |
| Høgd | 38 m |
| Nettstad: www.benintourisme.com | |
![]() | |
Porto-Novo, òg kalla Hogbonou og Adjacé er hovudstad i Benin i Vest-Afrika med eit folketal på om lag 250 000 innbyggjarar. Byen er ein hamneby som ligg i ei vik i Guineabukta i den søraustlege delen av landet. Porto-Novo er den nest største byen i landet etter Cotonou, som er viktigare både kulturelt og politisk. Regionen rundt Porto-Novo produserer palmeolje, bomull og kapok. Petroleum vart oppdaga utanfor kysten av byen i 1990-åra, og har vorte ein viktig eksportvare.

