Coventry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Coventry
City of Coventry

Sentrum av Coventry
Sentrum av Coventry
Sentrum av Coventry
Byvåpenet til Coventry
Byvåpenet til Coventry
Byvåpenet til Coventry


Plassering
Coventry is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap West Midlands
Grunnlagd 1043
Borgarmeister
Geografi
Flatevidd
 - By

98,64 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

309 800
  3 140,7 /km²
651 000
2 284 903
Koordinatar 52°24′29″N 1°30′38″WKoordinatar: 52°24′29″N 1°30′38″W
Diverse annan informasjon
Postnummer CV
Telefon-retningsnummer 024
Nettstad: www.coventry.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Coventry

Coventry er ein by i West Midlands i England. Han har status som metropolitan borough, noko som i røynda gjer han til ei sameint styresmakt. Byen er den niande største i England med litt over 300 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det tradisjonelle grunnleggingsåret er 1043, då eit benediktinarkloster vart opna av Leofric, jarl av Mercia og kona hans Lady Godiva (sjå nedanfor). Nyare forsking viser at klostret truleg eksisterte alt i 1022, og det er mogleg at hendinga i 1043 var ei utviding eller ei større overføring av eigedomar. Etter kvart oppstod ein marknad ved klosterporten, og rundt dette ei permanent busetjing.

Innan 1300-talet hadde Coventry vorte eit sentrum for tekstilproduksjon, og han var ein av dei viktigaste byen i England i mellomalderen. Status som city vart innvilga i 1345, og på eit tidspunkt vart byen òg eit eige grevskap.

Under den engelske borgarkrigen var borgarane særs fiendtleg innstilt mot rojalistfangar som vart plasserte i byen, og dette skal ha vore opphavet til uttrykket «sent to Coventry», som i Storbritannia tyder «å bli utstøytt».

Mot slutten av 1800-talet tok bil- og sykkelproduksjon over den viktigaste industrien sin (sjå Næringsliv).

Den gamle og den nye katedralen

På grunn av industriverksemda i byen var han mål for bombing under andre verdskrigen. Det største raidet fann stad 14. november 1940, då Luftwaffe la store delar av byen i ruinar. Blant anna vart katedralen øydelagt; den nye vart opna i 1962.

The Precinct

Etter andre verdskrigen vart byen gjenoppbygd, og det vart blant anna anlagt eit stort handleområde med gågater og kjøpesentret The Precinct. Byen hadde gode tider i 1950- og 1960-åra, men då den britiske bilindustrien gjekk inn i nedgangstider i 1970-åra gjekk arbeidsløysa i vêret. I byrjinga av 1980-åra var heile 20 % av arbeidsstyrken utan jobb. I seinare år har nye industriar kome til, og situasjonen er kraftig betra.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Byen har lenge vore eit sentrum for bil- og sykkelproduksjon, med ein bilindustri som vart grunnlagt alt i 1896. Dei første fabrikantane var Coventry Motette, Great Horseless Carriage Co, Swift, Humber, Riley og Daimler. Triumph sin motorsykkelfabrikk vart grunnlagt i Coventry i 1902. I dag har mykje av bilindustrien flytta andre stader, men Jaguar har enno hovudkvarteret sitt der, men lite produksjonsverksemd, og Peugeot hadde ein stor fabrikk i Ryton, rett utanfor byen, fram til 2007. Peugeot kjøpte fabrikken frå Chrysler for 1 pund på 1980-talet. Dei kjende Londondrosjane blir produsert i Coventry av London Taxis Internasjonal.

Andre viktige industriprodukt er elektronisk utstyr, maskinverktøy, landbruksmaskinar, fiberprodukt, romfartsprodukt og telekommunikasjonsutstyr.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Byen har to universitet, University of Warwick og Coventry University.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

I Coventry Transport Museum er blant anna to bilar som har sett fartsrekord, Thrust2 og ThrustSSC, utstilt. Museet har òg ei stor samling av historiske modellar som Jaguar, Aston Martin og Lotus. Museet har gratis inngang.

Fotballklubben til byen er Coventry City FC, som spelar i Football League Championship. Stadionet deira er Ricoh Arena som er ein ny arena ferdigstilt i 2005. Det gamle stadionet var Highfield Road som no er rive for å gje plass til bustader. Klubben har ei stolt historie, og spelte i den engelske toppdivisjonen frå 1967 til 2001. Høgdepunktet var FA-cuptriumfen i 1987.

Kjende folk[endre | endre wikiteksten]

Den mest kjende borgaren er Lady Godiva, som ifølgje segna reid naken gjennom byen (truleg reid ho på ein «naken» hest, altså utan sal) i protest mot dei høge skattane mannen hennar Leofric påla innbyggjarane. Borgarane vart bede om å sjå vekk medan ho reid forbi, men ein av dei klarte ikkje å la vere i kikke. Han vart visstnok blind; han vart òg kjent som «Peeping Tom», eit uttrykk som i dag tyder kikkar på engelsk. I sentrumet til byen står det ein statue av Lady Godiva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Coventry